Hvil i fred, Ulf Fjeldberg

Ein av Saabklubben Gammalsaabens Venners mest driftige og markante leiarar, Ulf Fjeldberg, har lagt frå seg Saab-nøklane for siste gang. Han gjekk bort onsdag 5. februar etter å ha vore sjuk i lengre tid.

Ulf kom inn i styret som tur- og treffansvarlig i 2014, og etter to år vart han vald som leiar i klubben. Han leia GSV i tre år, til 2019, då han måtte gi seg på grunn av sjukdom.

Ulf var ein entusiastisk og svært handlekraftig leiar, og hans innsats har betydd svært mykje for at GSV som bilklubb er i mykje betre forfatning, og har mykje breiare appell i dag, enn då han tok over.

Under hans leiing fekk klubben ny kraft og aktualitet – vi skifta namn, vi fekk ny logo, vi blei synlege i media, talet på medlemmer auka markant, kontakten med lokalavdelingane blei betre, vi fekk danske abonnentar på 9-Posten, vi fekk annonsørar i bladet, medlemsregisteret blei fornya og forenkla; lista er lang over det Ulf fekk gjennomført.

Vi takkar for den store innsatsen Ulf gjorde for klubben vår og for Saab-kulturen. Tankane våre går til Sølvi og barna Bente og Ove. Vi lyser fred over Ulfs minne.

/Torill, Uno, Håvard, Bjørn og Kjetil

Gravferda finn stad fredag 14. februar kl. 13.00 i Notodden kapell (Henrik Wergelands gate 13).