"Stille, dønn stille-

Brukernavn: knut
Postet: oktober 24, 2017
Forum: Off topic
Emne: "Stille, dønn stille-
-på forumet i kveld", for å omskrive Jonas Fjeld.

Om eg ikkje har vore flittig til å skrive, så har eg vore ein svært så flittig lesar av forumet. Men i det siste har det vorte frykteleg stille her...

Med hjelp av verdas minst aktive Facebook-profil har eg registrert at "alle" har emigrert dit, men er ikkje dette berre ei billeg erstatning for forumet?
Kvar blir det av dei gode tipsa, interessante prosjekta, nyttige råd og vink, når det har gått ei stund?
Eg veit eg er bortimot analfabet på fjesboka, men er det i det heile teke mogleg å finne att gamle prosjekttrådar her?

Lurer ein enkel landsens Knut :?