Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Brukernavn: Ola Bruset
Postet: mai 12, 2018
Forum: Modifisering og oppgradering
Emne: Trimming av -66 totaktsmotor
Angåande tenningsjustering:
Eg har jo bytta veivaksel her, og ettersom merket på reimskiva er individuelt tilpassa veivakselen er det [u]superviktig[/u] å sjekke tenningsmerket på reimskiva. I mitt tilfelle var det meir enn 10 grader feil, så eg måtte file eit nytt merke på skiva. Merka med kvit maling for å gjere det godt synlig.

Så er det ein ting eg lurar litt på: iflg. verkstadshanboka mi skal -66 motoren ha tenningsmerker på 0, 10 og 15 grader. Men min motor ser ut til å ha merker på 0, 12 og 17 grader. Veldig rart syns eg, men eg har sjekka fleire gonger og er rimeleg skråsikker på at eg har målt rett. Nokon som har sett det same?