Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Brukernavn: Ola Bruset
Postet: mars 3, 2018
Forum: Modifisering og oppgradering
Emne: Trimming av -66 totaktsmotor
Ein urliten update herifrå. Har m.a. hatt ferie eit par veker så i verkstaden har det ikkje skjedd så mykje.
Men på investeringsfronten har det skjedd mykje. Plutseleg dukka det jo opp så mange "må ha" greier at det er reint nifst.

Først så fann eg altså ein "spesial 2 drevsats" på SSK sin reservedelsshop. Har ønska meg sånn nesten sidan eg slutta å ønske meg Apache sykkel på barneskolen, trur eg. :-) Drevsatsen består av totalt 9 drev, så det her er Meccano for voksne. Tanken er å sette den her inn i ein V4 girkasse som eg har liggjande, slik at eg får sluttvekselen frå V4.
Da får eg ei girkasse der fjerde gir er identisk med standard 4-trinns totakts, men alle dei andre gira er flytta radikalt opp, såkalt tettstegskasse. 1'ste gir blir f.eks. ca 50% høgare enn standard totakt. Det her trur eg blir fantastisk på landevegen, men antakeleg ikkje noko å vinne "førstemann ut av krysset" konkurranser med. Det store spørsmålet no er om det er mulig for ein glad amatør å bygge girkasse sjøl eller om det her er noko som må settast bort til fagfolk.

Etter dette så setter altså ein mann ved navn Bård igang og rydder i lageret sitt og jammen har han ein GT veivaksel han vil kvitte seg med. GT veivaksel har sirkelrunde veivskinker og fyller derfor ut veivhuset bedre. Dette har den effekten at "primærkompresjonen" i veivhuset auker frå 1:1.39 til 1:1.46, noko som gjer at motoren spyler meir effektivt, spesielt på høge turtal. Med ein sånn på plass kan ein også moderere seg med portinga av spyleportane, ettersom økt "spyletrykk" gjer mykje av det same som økt duration. Etter det eg har lest så er GT veivaksel alltid å foretrekke ved trimming. Med andre ord: rimeleg uimotståeleg det her også.

Her snakker vi budsjettsprekk på størrelse med oppussing av Stortinget, så no er det berre å ta han heilt ut og bestille Ignitor stiftlaus tenning medan ein først er igang.

Forresten: er det nokon som tenker seg oppover frå Kristiansand i retning Trondheim i næraste framtid og kan ta med ein veivaksel og noko anna greier oppover?