Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Brukernavn: Ola Bruset
Postet: januar 16, 2018
Forum: Modifisering og oppgradering
Emne: Trimming av -66 totaktsmotor
Eksos:
Det første som må gjerast i totaktstrim samanheng er eksosanlegget. Her er det MYE å hente sjøl på ein elles original bil, ettersom originalanlegget er laga primært for å holde både støy og drivstoff-forbruk nede. Det er fliere muligheter her:
1) Det finst teikningar på korleis ein kan sveise om den fremre originalpotta frå "lyddemper og drivstoff-forbrukssperre" til effekktpotte. Dette kompletterast med enten doble originalrør (1 1/2") eller enkelt 2" rør bakover og (vil eg tru?) anna lyddemper bak også.
2) SSK sitt totoms trim anlegg (Simons trur eg?), dette er vel muligens også tilgjengelig andre stader.
3) XP effekt potte og 2" anlegg.

Eg gjekk for det tredje alternativet her. Eg kjøpte XP manualen med malar for potta og sveiste sjøl. På den tida var det mulig å kjøpe berre avgassbøyen frå motoren og ned til potta frå Classicsaabracing, dette gjorde at det var eit overkommelig prosjekt sjøl for ein klabb-sveisar som meg. Dette vart komplettert med eit 2" Simons anlegg frå ein V4. V4 anlegget har ei lang mellompotte under bilen, så med det her vart lydnivået svært behagelig syns eg. Eg har fleire gonger vurdert å ta bort mellompotta for å få skikkelig "ræserbil-lyd" men så langt så har mellompotta fått lov å bli på bilen.

XP potte og 2" anlegg vart montert på bilen før eg bytta til ny motor og forskjellen var klart merkbar, sjøl med utrimma originalmotor! :D
Korleis dette fungerer samanlikna med SSK sitt anlegg eller omsveisa originalpotte veit eg ikkje, mulig at nokon andre her har erfaring med det?

Trimpotter på totaktarar er forresten ein interessant sak i seg sjølve. Prinsippet er at dei forskjellige kon'ane gir puls-bølger tilbake til sylinderen. Først ein negativ puls som "evakuerer" sylinderen for eksos og også trekker friskgass opp av spyleportane. Deretter ein positiv puls like før eksosporten lukker som "skyver" friskgass tilbake inn i sylinderen. På den her måten kan det skapast overtrykk, nesten som ein "turbo" uten bevegelige delar! Det merkest godt når potta går i "resonans" og begynner å synge, dette er noko av det som etter mi meining gjer totaktsmotorer så utruleg fascinerende. :-)

Ei moderne trimpotte slik som XP-potta har fleire konar med forskjellig stigning, dette gjer at potta blir meire breibanda enn ei konvensjonell trimpotte som gjerne gir mye effekt innafor eit svært smalt turtalsområde, men elles er rimelig ubrukbar.