Re: SAAB 96 V4 -70 MODELL

Brukernavn: knut
Postet: juni 12, 2019
Forum: Biler og prosjekter
Emne: SAAB 96 V4 -70 MODELL
Denne fjøra i dørlåsen er vel ein "klassikar". Ein gong tredve mil heimanfrå "reparerte" eg venstre dørlåsen med fjøra frå ein kulepenn :?. Det heldt heim att...

Når det gjeld blinkreleet, så veit eg ikkje sikkert om eg kan hjelpe. Men eg har vore med og rigga blinklys på ein gamal traktor. Der brukte vi eit trepola rele som vart kobla slik:
[url=http://forumbilder.se/I5MF1/blinkrele][img]http://forumbilder.se/I5MF1/blinkrele.jpg?width=150[/img][/url]
[url]http://www.gtsparkplugs.com/flashers-turn-signal.html[/url]
Eg har ein litt dårleg kopi av eit koblingsskjema for -70 modellen. Der ser det ut som pinnane på releet kan ha same merkinga. Kanskje du ser noko på det gamle releet?