Re: Min Saabgarasje (M91 c900 kabriolet og M96 9000 CSE)
Brukernavn: knut
Postet: november 12, 2015
Forum: Biler og prosjekter
Emne: SommerSaaben M91 c900 T16 kabriolet
Litt for høgt lufttrykk, og å rulle bilen litt att og fram nokre gonger for vinteren, har berga V4-hjula mine fleire vintrar no.
Når det gjeld trekk til å dra over bilen, så håpar eg det er skikkeleg pustande. Eg lagrar familieklenodiet i ein luftig, kald garasje, der bilen blir støvut etter nokre månader. Difor kjøpte eg ein fasongsydd presenning med pustande sider, men tett overside. Det var[i]ikkje[/i] vellykka, for då eg drog den av om våren, så var det nokre oksydliknande skjolder der den tette duken hadde lege nedpå lakken. Desse var vanskelege å polere ut. Året etter, la eg eit ullteppe mellom. Det hjalp litt. Det enklaste synest eg i staden er å vaske bilen når våren kjem ;). Men no har jo ikkje eg nokon kalesjeduk å ta omsyn til...
Når det gjeld trekk til å dra over bilen, så håpar eg det er skikkeleg pustande. Eg lagrar familieklenodiet i ein luftig, kald garasje, der bilen blir støvut etter nokre månader. Difor kjøpte eg ein fasongsydd presenning med pustande sider, men tett overside. Det var
