Re: Logo / Navn – er vi utdatert?

Brukernavn: Hjelle
Postet: november 9, 2015
Forum: Til og fra styret
Emne: Logo / Navn - er vi utdatert?
[i]Namnet[/i] skjemmer vel ingen heiter det, og det trur eg er tilfelle i denna saka også. Men en kan nok få endra mykje berre ved å legge om font og logo som nemnt. En treng nødvendigvis ikkje skrote eksisterande logo, men heller ta med element ifrå den til en evt ny logo - kanskje leike med kortfrontgrillen? Uansett bør en satse på en logo som er tidlaus, enkel og kan henge med like lenge som eksisterande. Det eg vil fram til er at en vil uansett ikkje gjere alle til lags og en vil måtte inngå kompromiss slik at alle er fornøgde.

Det vert snakka om samanslåing med STCN, men i STCN har det aldri vore tema på årsmøta. Ikkje som eit framlegg frå medlemane, ei heller sonderingar frå GSV om en kan kalle det det. Eg trur kanskje klubbane står litt for longt ifrå kvarandre idag til ei samanslåing sjølv om vi har ei stor felles interesse. Kan nemne ei episode ifrå GSV landstreffet 2011 var det vel i Haugesund; i byrjinga av helga var en del litt skeptiske til desse ungdomane ifrå "turboklubben", men eg trur på søndag ved avreise var dei fleste enige at vi var en grei gjeng...

Uansett må ei evt samanslåing gå seg til over tid og kome nedanfrå og opp, ikkje andre vegen. Klubbane bør arbeide for, og invitere til felles samlingar/treff, og på den måten vert folket kjent med kvarandre og ei samanslåing kan verte meir naturlig enn det er idag for monge.

Ellers har en jo en del av mangfaldet allereie, då monge er medlem i både GSV og STCN, eg kan anslå oppmot 50stk i alle fall?

Ellers kan en jo nemne kort dette med STCN, klubben var oppretta 2002 som ein systerklubb til STCS (Saab Turbo Club of Sweden). Grunnen til dette var nettopp dette med at GSV hadde sine "aldersgrenser" på bilane, og med STCN fikk en eit alternativ for oss med nyare bilar. Klubben har heile tia vore open for alle Saabar, alt frå totakt til turbo, men vekta har naturligvis vore på turbobilane.