Re: Justering av trommelbrems bak

Brukernavn: torkvaal
Postet: oktober 11, 2018
Forum: V4
Emne: Justering av trommelbrems bak
Når du har eit slikt problem, ville eg ha demontert trommelen og gjort full overhaling av bremsene. Du treng ein avtrekkar med minst 3 bein. Eg måtte låne meg ein da eg overhalte bremene bak. Vær imidlertid merksam på at om du kjøper nye bremsesko har dei ein annan dimensjon der armen for håndbrekket går mot skoene enn dei gamle hadde. Dette gjer at med stilleskruen fullt justert er det framleis for stor klaring mellom trommel og sko. Løysinga er å legge på ei sveiserand på skoene (ca 3-5 mm) for å få justerskruen til å fungere slik det er tenkt. Prøv deg fram mht kor mykje du må bygge opp. Sjekk også at innvendig vegg i bremsesylinderen er glatt og ikkje har korrosjonsgroper. I såfall kjøp ein ny frå GSV lageret.