Re: Joakims 1966 96 Totakt

Brukernavn: knut
Postet: februar 6, 2016
Forum: Biler og prosjekter
Emne: Joakims 1966 96 Totakt
Godt å høyre at ting går rette vegen. Eller kanskje litt breidt i svingane, no på vinterføre? :)

Når det gjeld tankmålaren, så går det jo to signal frå givaren i tanken, med kvar sin ledning. Ein til lampa, og ein til visarinstrumentet. Slik er det i alle fall på 72-modellen min. Det er ei stund sidan eg plundra med dette, men eg [i][b]meiner[/b][/i] at brudd i ledaren til dreiespoleinstrumentet (eller vakkel i motstandsbanen åt flottøren, i mitt tilfelle) ga fullt utslag på målaren - ikkje berre "full", men med visaren heilt ute i kanten av instrumentet. Nåla banka og slo i takt med kontakt/ikkje-kontakt, men varsellampa funka som før.

Om eg hugsar rett, får varsellampa jording frå givaren i tanken først når det er att sju-åtte liter eller så. Men dette er det sikkert nokon på forumet som har stålkontroll på!