Re: Ignitor tenning og motstand i coiler
Brukernavn: knut
Postet: mars 26, 2018
Forum: Saab 2-takt
Emne: Ignitor tenning og motstand i coiler
Noko eigentleg svar på spørsmålet ditt har eg ikkje, og av erfaring veit eg at det er vanskeleg å få fornuftig måling av motstanden gjennom ein tennspole (primærviklingane, er det vel dei heiter). Det er uansett berre nokre få Ohm.
Men om eg hugsar rett, så er spenninga inn på formotstandscoilen til Biltema i løypa rundt 9 volt (etter formotstanden). Batterispenning blir den mata med rett frå starmotoren, så lenge startaren går. Dette skal kompensere for spenningsfallet du får over batteriet, fordi startaren trekkjer mykje straum.
Køyrde med same Biltema-coil på V4-en min, men då eg monterte elektronisk tenning (Powerspark trur eg den heiter), valde eg å kaste denne coilen, og kjøpe ein som var anbefalt til elektronisk tenning. Eg kjøpte ein blå Beru, og har ikkje hatt problem sidan. (Mest logn kosekøyring, men også langturar i litt høgare hastigheiter)
Eg veit ikkje om 9 volt er kritisk låg spenning for ein elektronisk tenningsmodul, men slik eg har skjønt det, tåler dei liten straumgjennomgang. Difor er det viktig at coilen har høg nok inngangsmotstand.
Med høge turtal på ein hylande totaktar kjem jo tenningspulsane mykje tettare enn på ein sedat V4. Om standardcoilen min ville greie å henge med då, det veit eg ikkje...