Re: Aktivitet på forum og på fjesbok

Brukernavn: Hjelle
Postet: desember 14, 2013
Forum: Off topic
Emne: Aktivitet på forum og på fjesbok
Veit ikkje kor monge som les/skriv på STCN sitt forum som er her, men for ikkje lenge sidan har vi hatt same debatt der. Som Eimund skriv eg når eg føler eg har noko å bidra med. Når det gjeld FAQ er en avhengig av at nokon vil bruke tida si til å skrive slike, evt at nokon samenstiller infomasjon som kjem i trådar. Kva med å lage en tråd som heiter "ønska FAQ" eller lignandes, so kan dei som etterlyse noko skrive inn ønska sine, og dei som vil bidra kan skrive framgongsmåten?

Men tilbake til STCN, der vart konklusjonen som Eimund seier at FB funkar fint til "skrytebilder", annonsering av treff og anna "småsnakk". Skal det være svar på eit teknisk spørsmål er forumet overlegent og meir søkbart. Men grunnen til at FB er populært er jo at folk er pålogga ein stor del av tida, og at folk kjenner grensesnittet, iaf om det er snakk om eldre folk vil eg tru personlig. For STCN del var argumentet at den yngre garde alikavel sat på FB, og ville ikkje oppsøke andra plassar for infomasjon. Ellers er det jo lettare å laste opp bilder /videroar på FB, skal en legge ut noko på forum må en ha ein eigen plass å laste opp før en linkar det vidare. Ikkje alle som synes dette er like smidig, desverre.
Det er også lettare for folk utanfor klubben å ta "steget inn" sidan en alikavel er på FB, det vitnar vel antalet medlemar på FB noko om... Same sak er det for STCN, monge av brukarane på FB er ikkje medlem på forumet, og eg vil tru monge heller ikkje er medlemar i klubben (for STCN veit eg det er tilfelle). Kunne vore artig å sett data på dette, kva med å drage igong ein spørjeundersøkelse på FB-sidene om dette? Om det er tilfelle er jo FB-gruppa ein kjempearena for å få inn nye medlemar!