Re: 9 Posten
Brukernavn: saaburheim
Postet: oktober 5, 2015
Forum: Til og fra styret
Emne: 9 Posten
Hei alle - fekk nyss frå eit GSV- & STCN-medlem at det var disksusjon om 9-Posten på forumet. Og det er jo spennande for Bladfyken!
Takk for ros om bladet!!! Eg har stor glede av å lage det, og gleda er enno større dersom folk faktisk les det - og har glede av å lese det. For det hender jo at eg lurer på det - blir 9-Posten faktisk lest? Det er ein del medlemmer som gir feedback på facebook, men av dei 550 som får bladet er det få som ytrar seg. Og det er jo sant som det blir sagt - GSV bruker meir enn halvparten av medlemskontigenten på trykking og utsending av bladet.
Ang bladet på PDF så er det sikkert ein god ide, og er ein diskusjon som er verdt å ta. For min del er det å halde bladet i hendene og lese det på papir ei heilt anna kjensle - og glede - enn å lese på PCen. Legge det frå seg på stovebordet, ta det fram igjen... Så eg synest vi skal ha papirblad, men har stor respekt for at andre ikkje vil ha. I tillegg er det for meg personleg ein stor motivasjon å lage det som ein trykksak på papir. Så ærleg må eg vere. Så eg er i aller høgste grad partisk i denne diskusjonen!
Eg er prinsipielt open for å diskutere kontigent avhengig av om ein vil ha med papirblad i posten eller berre på mail. Men slik kunne ein jo tenke om deler også.... eller treff... Den som ikkje kjøper deler eller er på treff vil kanskje ikkje betale for ein klubb som subsidierer slike aktiviteter heller?
Det er dyrt å trykke og sende ut 9-Posten. Og det vil alltid vere eit spm om det er verdt det. Derfor ser vi ser no - uavhengig av diskusjonen her på forumet - på å bytte trykkeri og endre papirkvaliteten - for å kutte kostnader knytta til bladet.
Til sist - JA TAKK til den som vurderer å sende inn stoff. Tenker du på å sende inn noko til 9-Posten - gjer det! Pr i dag brukar eg alt stoff som eg får inn, så send inn, send inn!
Kjetil