Når trekket slepper taket (bokstavleg tala)
Brukernavn: Olav R Faleide
Postet: januar 8, 2014
Forum: 99 og 90
Emne: Når trekket slepper taket (bokstavleg tala)
I min elles så praktfulle 99GL frå 1982, med firetrinns kasse og utan servo, har taktrekket losna i heile si breidd langs kanten på bakruta og eit godt stykke framover, like eins "posar" det seg frå dørene på begge sider innover. Kjenner nokon av dykk til om det går an å sprøyte inn eit slags klebestoff mellom velouren og taket utan at flekkar av ny lim slår igjennom? Eller må eg ta ned heile taktrekket slik at misfarging av nytt lim-/klebestoff blir jamn over heile flata?
