Dato / tid
30/05/2026
00:00
Sted
Voss
Kategorier
Køyretøy Historisk Klubb Voss ynskjer velkomen til veteranvognløpet VossaRudl’n, laurdag 30. mai. Dette er det 19. løpet i sitt slag.
Påmeldingsfrist er 1. mars 2026!
Startområdet er lagt til Voss Hestesportsenter, på Kyte.
Dette er eit stort område, med plass til både deltakarar, besøkjande og utstillarar.
Lunsjstopp i Granvin. Målgang i Norheimsund, med Thon Hotel Sandven som løpshotell, der løpsfest med premieutdeling vert halden.
Deltakarar som ikkje skal overnatta er sjølvsagt velkomne til å delta på festen. Dette ligg som eige val i påmeldingsskjema. Registrerer kor mange middagsbillettar du ynskjer og betal dette saman med lunsj og påmeldingsavgift.
Fyll ut påmeldingsskjema, det er lurt å ta seg god tid, då dei fleste felta er obligatoriske. Merk at før du startar påmeldingsskjema må du logge inn med anten Vipps eller eingongskode via mobil.
Du vil motta ein e-post frå oss, med meir informasjon om løpet og med direktelenkje til hotelreservasjon, dersom du skal ha overnatting. Me gjer merksam på at deltakaren sjølv må bestille overnatting.
Påmelding er bindande. Ingen refusjon ved avmelding.
Meir informasjon kjem! Send e-post til khkvoss@gmail.com om du har spørsmål vedrørande påmeldingsskjemaet.
