-86 900, kor vanskeleg er det å få tak i deler til desse?

Brukernavn: knut
Postet: september 29, 2014
Forum: OG900 (1979-1993)
Emne: -86 900, kor vanskeleg er det å få tak i deler til desse?
Eg har fått tilbod om å kjøpe ein -86 modell 5 dørs 900 med snaut 150000 på telleverket. Ein bil eg korkje har plass til- eller bruk for, men den har vore eit kjent innslag i "bybildet" frå den var ny - og då var den utruleg grom, kan eg hugse... ;)

Ulempa er berre at denne hadde ei lita frontskade for eit par-tre år sidan, og då vart den reparert med brukte - ikkje "heilt rustfrie" deler. Verre er det nesten at delene er frå ein nyare årsmodell, truleg fordi "det var så vanskeleg å få tak i deler". Eg er rimeleg grøn på slike nymotens SAAB'ar, men ser at lykter, blinklykter og grill er feil. Er panser og framskjermar like? Kva med støtfangar og frontplater?

Som det står i overskrifta:
Kor vanskeleg er det å få tak i det som skal til for å gjera denne original att?
Finst det bortimot rustfrie venstredører og -framskjermar å få tak i?