Re: Gsv & forumet
Brukernavn: knut
Postet: oktober 2, 2014
Forum: Off topic
Emne: Gsv & forumet
For dei fleste av oss er det vel interessa for gamalsaab, eller gamle køyretøy i det heile, eller all slags Saab, eller ein kombinasjon av alt dette, som gjer oss til medlemmar i GSV. Ynskjet om "å støtte ei god sak", vera sikra deletilgang for framtida, og ha nokon å spørja til råds ligg vel også bakom for mange av oss. Sume likar å skru, sume vil heller [i]køyre[/i] gamalsaab, nokon har mot og evner til å dra i gang dei mest fantastiske ombyggingar, andre har kunnskap og kan koma med råd til oss alle, og sume fiksar alt dette på ein gong - samtidig som dei har overskot til å oppdatere forumet nesten dagstøtt!
Det ligg ikkje for alle å vera organisasjonsmenneske, gå aktivt inn i drifta av ei foreining, eller stille med vel førebudde saksframlegg på årsmøter. Og om det ikkje er så mange som bidreg så ofte her på forumet, så kan det for eksempel vera fordi vi helst vil ha ei historie å fortelja, før vi kastar oss utpå. Det blir ikkje spennande lesnad av vedlikehald og småreparasjonar, når vi ser kva prosjekt sume set i gang med - for ikkje å seia kva ekspedisjonar andre vågar seg ut på, berre for å sikre seg draumebilen.
Nei, i staden for nervepirrande forteljingar om restaureringar på molekylnivå, får mine bidrag bli å fiske etter tips, råd og vink, slik i det små. Men innhaldet på forumet sluker eg like rått for det, og dagen blir vel ikkje heilt den same utan eit besøk på gsv.no/forum?
All ære til dei som har overskot til å laga spennande trådar og halde dei oppdaterte - samstundes som dei arbeider med dei mest hårreisande prosjekt. Eg er overbevist om at vi er mange som følgjer desse arbeida med stor spenning og interesse -utan at vi har stort å bidra med i dei ulike trådane. GSV har vel plass til oss alle?