Re: Saabfestivalen 5. til 7. juni 2015

Brukernavn: knut
Postet: juni 14, 2015
Forum: Turer og landstreff
Emne: Saabfestivalen 5. til 7. juni 2015
Takk for sist, til alle eg trefte i Trollhättan. GSV-forum kring eit bord var triveleg - som venta!

Etter at eg kom heim, har kveldane gått med til å hjelpe ein veteranbilkompis med å få bobla hans klar til veteranbilløp i går (Valdresløpet - verdas vakraste veteranbilløp i Valdres ;-)) To doble forgassarar og uoriginal tenning, forbaska trongt, og altfor mange parametarar å halde styr på... No er det endeleg tid til å fordøye inntrykka frå sist helg.

Eg hadde aldri trudd det kunne bli for mange Saab-ar, men søndag gjekk eg faktisk i metning. Eg ga rett og slett opp å få med meg alle bilane, og avslutta med ein tur ned til slusane. Heimturen tok eg ut eit hakk lengre enn Henning, reiste til Smögen, og tok Bohuslänskysten opp att.

[url=http://bildr.no/view/UmRmcWJt][img]http://bildr.no/thumb/UmRmcWJt.jpeg[/img][/url]
Vi overnatta på Tanums Gjestgifveri - ein plass som høver seg vakse folk i ein vaksen bil - og brukte alt i alt eit døgn ekstra på småvegar som passa både meg og den gamle. Eg hadde ingen Lamborgini å fortolle ;). Difor kunne eg trygt køyre over gamle Svinesundsbrua, og halde fram på småvegar oppover i Østfold.
[url=http://bildr.no/view/NXFQb2tm][img]http://bildr.no/thumb/NXFQb2tm.jpeg[/img][/url]

Takk for laget, til alle eg møtte på turen!