Re: 95 Varebil

Brukernavn: knut
Postet: oktober 23, 2015
Forum: Biler og prosjekter
Emne: 95 Varebil
[quote]Men har fått angst for at jeg ikke skal få det tett! I Haynes står det at man skal smøre paknings-"sement" det frontdeksel/bunnpanne møtes bl.a. Hva slags produkt er best da?? Og skal jeg legge på korken først, og gummipakninga som er på veiva i bakkant til slutt? Hjeelp…[/quote]Eg gjorde unna same slags renseprosess på den nygamle motoren eg tok i bruk i fjor. Då klinte eg på eit tynt lag av ei blå pakningslim-guffe som ein lokal bilverkstad anbefalte. Litt meir der verkstadhandboka seier (sjå bilde):

[url=http://bildr.no/view/bllFeU1k][img]http://bildr.no/thumb/bllFeU1k.jpeg[/img][/url]
Det vart potte tett :)

Elles lærte eg eit triks då eg skulle legge på ny ventildekselpakning på den gamle traktoren min (der er det tjukk korkpakning, og ingen spor som held den på plass): Smør lim på pakningen, legg den på plass, og skru dekslet godt til med fingrane. Vent så til limet har tørka. Då er sjansen mindre for at pakningen sklir til sides, når du trekkjer til rett moment. Det har funka for meg.