Re: Logo / Navn – er vi utdatert?

Brukernavn: knut
Postet: desember 9, 2015
Forum: Til og fra styret
Emne: Logo / Navn - er vi utdatert?
[quote]Så i julestemningens navn - tar meg en pause fra Forumet - kanskje jeg bygger opp litt mere motivasjon på å holde på her inne etter et avbrekk - for akkurat nå sliter jeg med å ville betale giroen som fulgte med i bladet, og vurderer fælt å skrinlegge neste prosjekt og bytte det ut med et annet bilmerke.[/quote] Nei, nei, nei! ikkje legge ned prosjekt :shock:! 92X (og den BLÅ) er blant fleire gode grunnar til daglege besøk på forumet!

Eg er vel av dei som er rimeleg "happy med den eine" - om ikkje strøkne - i garasjen, og kjenner meg litt råka av det du skriv. Har korkje plass, tid eller råd til fleire (når eg attpåtil har oppheng på gamal Ferguson...) Noko lagsmenneske er eg heller ikkje, så i GSV og på forumet er eg nok av dei som tek ut meir enn eg set inn. Men jamen har eg glede av å følgje med på alt kunnskapsrike entusiastar med handlag og pågangsmot får til.

Alderdomeleg klubbnamn og gamalmodig logo er vel strengt tatt eit I-landsproblem, har eg grubla meg fram til... Viktigare er kva vi får att for medlemsskapet. For meg er vissa om at nokon har omsorg for delar til klenodia våre - saman med forumet - grunn til å fornye medlemskapet eit år til


Ein god juleferie får vi unne deg ;), med håp om å sjå att både prosjekt og friske utspel!