Re: Weber til V4 1500
Brukernavn: knut
Postet: april 23, 2017
Forum: V4
Emne: Weber til V4 1500
Omsider er eg ferdig med ombygginga, og dei første prøveturane er unnagjort. Eg følgde råda frå torkvaal, og hona opp innsug og mellomflensen til 34 mm, og laga stag av gjengestong og kuleledd.
(ja, eg veit motoren ser fæl ut. Opprinneleg vart denne slengt i medan eg venta på å overhale originalmotoren, men den går så godt at eg har ikkje hjarta til å bytte att...)[/size]
Sidan eg er oppvaksen i denne bilen, er eg (altfor) oppteken av at den skal vera så original som råd. Difor valde eg å modifisere eit originalt luftfilterhus, trass i gode råd. Eg poppa på ein ny "krage" mot forgassaren. For å avlaste den litt , laga eg også eit ekstra feste ned mot høgre ventildekselet (denne kølnermotoren er ikkje akkurat vibrasjonsfri...).
Fyrste oppstarten var ei stor skuffing. Motoren starta lett, men det var umogleg å få den til å gå jamnt på tomgang, same kva eg gjorde. Når eg drog på litt derimot, gjekk den fælt...
Tilbake til internettet, der eg fann denne linken:
Til sist eit lite spørsmål til dykk som har greie på Weber forgassarar:
No har eg tomgangsdyse på 65, men etter "oppskrifta" bør eg truleg gå opp ein storleik eller to til (må skru blandingsskruen ut meir enn to kast ut før motoren går nokonlunde jamnt). Dersom eg går opp til 70 eller 75, bør eg då også gå opp på "air jet" (air corrector jet)? (den er på 175 no)
