Re: Weber til V4 1500

Brukernavn: knut
Postet: juni 12, 2017
Forum: V4
Emne: Weber til V4 1500
Sidan dei som [b]kan[/b] V4 glimrar med sitt fråver, får eg halde fram med å svara meg sjølv:

Sjølv med maksimalt stor lågfartsdyse, vart eg aldri klok på tomgangen. I blant veldig rask og litt urund, andre tider berre urund eller i ferd med å stoppe. Det kunne minne om falsk luft, men eg fann ingen lekkasjer.

I Trollhattan kom eg i snakk med Tore Frøyse, og han styrka meg i trua på at einvegsventilen til veivhusventilasjonen måtte vera "boven i dramat", som dei seier der borte. Søndag, bak Saab museet, tok et mot til meg, og begynte å skru. Av ein eller annan grunn, har eg hatt ein hjulbolt liggande i hanskerommet(!) Den passa perfekt som blindplugg, og brått fungerte forgassaren meir logisk. Eg kunne skru tomgangsskruen inn fleire kast, og framleis ha jamn tomgang. Stor takk til Tore, som fekk meg til å prøve dette!

[url=http://bildr.no/view/VnF5UHNs][img]http://bildr.no/thumb/VnF5UHNs.jpeg[/img][/url]
[size=85]Knuts kvikk-fiks;-)[/size]

Einvegsventilen som virka til å vera OK, og rører seg lett, greier altså ikkje å stå imot på tomgang. Førebels pustar venstre ventilkåpa tomt ut i motorrommet, og eg trur eg må dyse ned att forgassaren...

Veit nokon kor viktig det er at veivhusventilasjonen har undertrykk? (Ein gammal Fordmekanikar har fortalt meg at den skal ha det) I så fall, har nokon ein mellomflens med [b]fungerande[/b] einvegsventil å selja?

Lurer turisten Knut, på veg heim frå Saabfestivalen.