Re: Trimming av -66 totaktsmotor
Brukernavn: Ola Bruset
Postet: januar 16, 2018
Forum: Modifisering og oppgradering
Emne: Trimming av -66 totaktsmotor
Okay,
Først litt bakgrunnsinfo: Eg har sidan 1995 vore den lykkelege eigar av ein 1964 modell Saab 96. Kjøpt som rustvrak, og sveist tilbake i fasong etter "learning by doing" prinsippet i løpet av eit par vintrar. Sidan har den putra rundt i Trondheimsregionen stort sett kvar sommar.
Etter nokre år (rundt 2010 trur eg) begynte eg å føle på eit visst "need for speed". Man er da ikkje gamal mopedtrimmar frå Surnadal for ingenting, ein totaktar kan jo aldri få lov å forbli urørt, her er det jo i prinsippet både billig og enkelt å få litt meire fres!
Første steg på vegen var å anskaffe "XP Manualen" til Niklas Enander. Det her er eit utruleg bra oppslagsverk som eg STERKT må anbefale til alle som tenker i retning totakts trim, og V4 også. Det er MYE info her som eg trur mange som køyrer original-stuk også kan ha nytte av. For trimming er den uunnværlig, her er det bl.a. portingsanvisningar frå Saab, og også mye praktisk info som er god å ha for å komme fram til eit bra resultat. Kan kjøpast frå clasicsaabracing.com, og er verdt kvar krone. Kjøp gjerne med malar for XP trimpotte, det gjorde iallefall eg.
Etter dette anskaffe eg ein -66 trippelforgasser motor sørfrå då eg ikkje ynskte å "kanibalisere" originalmotoren. At det vart ein trippelforgasser motor var utelukkande fordi det er så tøft med tre forgassarar! :-) For moderat trim (60-70hk) som eg planla går det like fint med ein enkelforgassarmotor, og ein sparer også noko plunder med at det kun er EIN forgasser som må dysast om. Omdysing er nemleg HEILT nødvendig i trimsamanheng, ein trimma motor MÅ gå rikt nok elles blir det kortvarig glede. Meir om dette etter kvart.
Ombygging frå enkelforgasser motor til trippelforgasser var eigentleg ganske greit. Ovanfornemnte classicsaabracing sel ein "vattenhalsadapter" som er nødvendig for å få kobla slangen frå vasspumpa til motoren. Og eg kjøpte også ei spesiell 1.5mm tjukk topplokkspakning som gjer det mogleg å montere kortfront topplokk på -66 motoren, då eg ville at det her skulle sjå mest mogleg originalt ut med slangar og overliggande vifteaksel og sånn. Vidare må hola til topplooks boltane i topplokket borast opp då -66 motoren har tjukkare boltar. Dette fekk eg gjort på ein maskinverkstad i forbindelse med høvling av toppen. Siste ting som måtte tilpassast var staget frå forgasser til gass-mekanismen. Pga. trippelforgasser rekka blir jo avstanden kortare. Eg valde å lage ein ny, men det går også å korte ned det eksisterande staget så det passer.