Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Brukernavn: Ola Bruset
Postet: januar 16, 2018
Forum: Modifisering og oppgradering
Emne: Trimming av -66 totaktsmotor
Planen min for prosjektet. var som sagt "moderat" trimmingsgrad, sjølv om det KUNNE vore fristande å gå "all out" å satse på 100 hestar. Men her er det fleire grunnar til å ta det piano:
1) Ein trimma motor går gjerne godt på høgt trurtal men mangler bunndrag. Dess meire effekt desto smalare blir turtalsregistereet. Dette er ofte greit på f.eks. ein MC, men ikkje i ein personbil som ein ønsker å kunne bruke i dagleg trafikk.
2) Holdbarhet på motor.
3) Slitasje på clutch, gir og hjuloppheng auker kraftig. Det blir jo gjerne så ein BRUKER hesteene også?
4) Saab 4-trinns kassa er ikkje akkurat tettstega for å seide det mildt. Ein "hysterisk" turtalsmotor blir difor rett og slett ikkje kjørbar. Når du f.eks. har kjørt ut 3dje giret og hiver inn 4de så blir turtalet for lågt, motoren drar ikjkje, og du må ned att i 3dje. Ja det FINST "spesial 1" og "spesial 2" drevsatsar der ute som gjer kassa meire tettstega, men for dei fleste av oss er nok dette utanfor rekkevidde. For å seie det sånn, om nokon HAR dette liggande så er eg SVÆRT interessert. :-)
5) Drivstoff forbruk. Erfaringa mi med "steg 1" på den her -66 motoren er at den bruker ca 1 liter per mil ved langkøyring, noko som er heilt greit syns eg. Med heftigare trim vil nok dette krype oppover, største problemet med det er kanskje størrelsen på bensintanken, vi vil ikkje dra på oss "rekkeviddeangst" i ein fossilbil vil vi vel?

Litt om dette med at turtalsmotorar får dårleg dreiemoment:
Ved trimming av såvel totaktar som firetaktar (utan turbo!) er hovedprinsippet at ein skyver peak effekten oppover i turtalsregisteret. Årsaken til dette er at dreiemoment i ein motor er til ein stor grad gitt av slagvolum. Hestekrefter er gitt av dreiemoment multiplisert med turtall. Med mindre ein tukler radikalt med borring og slaglengde er altså den einaste frihetsgraden ein har er å auke turtalet! Det her er sjølsagt noko forenkla, men iallafall ein brukbar grunnregel.
For at ein motor skal klare å "puste" på høgt turtal må tida portane er åpne aukast, og også størrelsen på portane. Til samanlikning, på ein firetaktar bytter ein til ein kamaksel med større løft og lengre "duration".
Ved lågt turtal står då innsugsporten åpen alt for lenge og motoren vil begynne å blåse tilbake gjennom forgasseren, ein merker dette som fjusking ved gasspådrag. Eksosorten vil også stå åpen for lenge og uforbrent friskgass går "rett igjennom" og ut i eksosen. Resultatet blir høgt drivstoff forbruk og dårleg dreiemoment.

Etter å ha sjekka litt rundt endte eg difor opp med å sette som mål at eg ville ha ein motor med brukbart drag ned til 2500-3000 rpm. Dette gjer at motoren etter mi meining blir akseptabelt kjørbar, også i byen. Om dreiemomentet er noko degradert under her så er det til å leve med. Effekt og maks turtal får difor bli det det blir.