Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Brukernavn: Ola Bruset
Postet: januar 29, 2018
Forum: Modifisering og oppgradering
Emne: Trimming av -66 totaktsmotor
Meire interessant lesestoff:

For den med GOD tid og reknestaven lett tilgjengeleg (eller ganske enkelt søvnproblemer?) er nok den her eit funn:
"Two Stroke Tuners Handbook" av Gordon Jennings.
http://www.amrca.com/tech/tuners.pdf

Ein anna favoritt (og den her er langt meir praktisk retta) er "Two Stroke Performance Tuning" av A. Graham Bell (og nei det er nok ikkje han Bell med telefonen nei):
http://edj.net/2stroke/BellPerformanceTuning/BELL%20PERFORMANCE%20TUNING.pdf

Den siste her var hyllevare på Biltema for ein del år sia, saman med firetakts versjonen også. Begge er lest flittig frå perm til perm.
(Men idag er jo tydelegvis alt lett tilgjengeleg på interweben og det har jo sine fordelar.)

Konklusjonen frå tidlegare oppi her let seg imidlertid ikkje rokke, også Jennings og Bell seier konsekvent at spylekanaler leiker ein ikkje med. Imidlertid er det åpning for å file "spor" i stempelet ved spylekanalene for på den måten å auke "åpningstida" eller duration som det så fint heiter på nynorsk. Finner bilde av tilsvarande triks i XP Manualen også, så det her er muligens god medisin?

I Bell si bok er det formlar for å rekne om frå porthøgde til duration, og han har også mange tips om anbefalt duration på portane. Dessverre er det ganske andre trimmingsgradar han jobber med, Saab motoren ligg heilt i nederste ende av skalaen (eller strengt tatt litt under der også..). Når det gjeld spylekekanalar seier Hr Bell at høgt turtal krever lengre duration, men for maks power ved 6500 rpm held det med ein duration på 120-124 grader. Standard har Saab motoren ein duration på 116 grader (ved blokkhøgde 58.9 mm fra toppen av porten), dette øker til 124 grader ved 57 mm blokkhøgde. Så det er ikkje sikkert at det skal så mykje til her? På min gamle motor var spyleportane filt til 56 grader, dette gir ein duration på 128 grader. Det kan godt vera at det faktisk var i høgste laget for ein "moderat trimmingsgrad" som eg er ute etter her.