Re: Støtdempere Saab 96

Brukernavn: knut
Postet: april 21, 2018
Forum: V4
Emne: Støtdempere Saab 96
Dette kjem kanskje for seint, men endeleg har eg fått manna meg opp til å ta av eit hjul, for å sjekke om eg hugste rett. (og det gjorde eg, jammen ;) )

Dei siste åra har eg køyrt på Kyb Excel G [url]http://kyb-europe.com/products/shock-absorbers/excel-g/[/url]. Behagelege å køyre med, og litt fastare i fisken enn dei B****-demparane eg køyrde med før. (er det lov å nemne Biltema her?)

Etter det eg hugsar, hadde dei heilt grei pris. Trur også det var dei einaste gassdemparane som vår lokale delepushar greidde å skaffe. Eg har sjeldan nokon i baksetet, likevel trur eg det hadde gjort seg med litt sprekare bakkfjører i kombinasjon med desse demparane.

Då Saaben var studentbil, prøvde eg den med gule rallydemparar frå Biltema. I lengden vart dei for harde til vanleg køyring, sjølv for ein 20-åring...