Re: Den lille sorte

Brukernavn: knut
Postet: mai 10, 2018
Forum: Biler og prosjekter
Emne: Den lille sorte
Sist eg fekk justert forstilling, fann ikkje verkstaden data for Saab 96, så dei hadde justert etter Saab 90. (Dei virka ikkje vanvittig begeistra for lause shims heller, alt er visst enklare i verda til macPerson...) Bilen vart uvant lett på rattet, litt vinglete og sjølvoppretta dårleg.
Heldigvis fekk eg med "målebrevet". Dermed visste eg nøyaktig kva hjulvinklar eg hadde, og kunne gå inn i tabellen i verkstadhandboka og sjonglere med shims etter den. Eg syntes resultatet vart ganske bra, og har køyrt med den slik i fleire år, utan unormal dekkslitasje.
Ein forstillingskontroll treng du vel uansett, etter å ha overhala alt. Sidan du har ei cirkapeiling på kvar shimsa skal vera, så kan kanskje dette vera vegen å gå?