Re: Den lille sorte

Brukernavn: Ola Bruset
Postet: april 2, 2019
Forum: Biler og prosjekter
Emne: Den lille sorte
Jøss,
det her er eit imponerende arbeidsstykke! Utruleg pent arbeid du gjer!
Min 96 (-64) var omtrent i samme tilstand som din da eg kjøpte den. Eg også skaffa sveiseapparat og prøvde meg fram sjølv til eg fekk taket på det. MEN: der stopper nok likskapen også. Min er ikkje i nærleiken så fin som din blir. Litt mangel på tolmod, skal vi skylde på det tru?

Når det gjelder malingspreparater på rusta understell og slikt så brukte eg mykje Owatrol for å mette rusta hugsar eg. Overmalte så med Arcanol iblanda Owatrol. Etter dette tre strøk rein Arcanol. Og Tectyl til slutt. Og det har faktisk holdt bra i 20 år det. Min bil står ute i sommarhalvåret og blir jevnlig brukt i allslags ver, så "stålmarken" har absolutt fått sjansen til å gå laus på den, uten å få skikkeleg bett, så langt iallefall. :-)

Eit tips til motoroverhaling (muligens litt seint?): Sjekk verkstadhandboka kva som er maks urundhet i sylindrane også. Det er ofte meir kritisk enn "taper" for om ringane skal tette skikkeleg. Mål i lengderetning av blokka og så på tvers og sjekk differansen. Toleranse bruker ligge rundt 0.05mm, men sjekk boka. Sylindrane blir nemlig urunde pga stempelet presses mot eine sida av sylinderen under kompresjonsslaget. Men ettersom det var lite taper her så er forhåpentligvis urundhet innafor også.

Lykke til vidare, det her blir knall! :-)