Kjetil Urheim og Trond-Arve Hjelle drog til SAAB museet for å overrekke 9000-Posten til Peter Bäckström.
Kjetil Urheim, gjesteredaktør og Trond-Arve Hjelle, atikkelforfattar har laget et spesialnummer av 9-Posten. I fjor (2024) var det 40-årsjubilanten, Saab 9000, dei har gjort spesialnummer av.

For å få sette søkelyset på det nytrykte bladet, reiste artikkelforfattar Trond-Arve Hjelle og Kjetil Urheim til Trollhättan 22. desember.
På Saab-museet møtte dei museumssjefen, kurator Peter Bäckström og gav han det finaste dei hadde å by på: eit ferskt eksemplar av 9000-Posten.
I videoen kan du sjå eit utdrag av samtalen dei tre hadde om 9000-Posten og om Saab 9000.
-Vi var så oppgira over at me fekk møte sjølvaste museumssjefen at me samtalte på engelsk; ein samtale med Peter må jo være interessant for fleire enn berre oss norske Saab-folk seier Kjetil.
Bladet er komen i postkassa til deg som er medlem i Saabklubben Gammalsaabens Venner. 9000-Posten er no og få kjøpt i nettbutikken til GSV.
-Me vonar at du, etter å ha lese bladet, får like ustoppeleg lyst på ein Saab 9000 som dei 13 GSV-medlemmene som har sendt inn sine 9000-historier, seier Kjetil, spanande å lese for alle SAAB entusiastar, og spesielt for dei mange med eit stort hjarte for 9000, avsluttar gjesteredaktør Kjetil Urheim.
Her er link til samtalen med Peter Bäckström: LINK



