Hei Jørgen!
artig at du liker det eg roter med her!
Og unnskyld for treig respons. Mail varsling på forumet ser ikkje ut til å funke for min del.
Veldig spennende å høyre kva erfaringar du har med totakts trimming på Kawa! Må tilstå at ein slik H2 står høgt på ønskelista her i huset. OM eg ein vakker dag anskaffer sykkel igjen. Imponerande effektuttak må eg seie, 140hk i ein slik må jo vera heilt sinnsykt! Er ikkje dei der berykta for å vera livsfarlige "bakhjulsmaskiner" allereie med standard effektuttak da?
Og så er eg nysgjerrig på korleis du får det til å funke med 7,3 i statisk fanga kompresjon. Går det bra på "handelsbensin" eller må du til med oktan-booster for å unngå tenningsbank? I min motor ligge eg no på 6,8 i fanga kompresjon. Trudde det også var i høgaste laget eg, så eg har lagt meg nokre grader ned i fortenning for sikkerhets skyld. Berre tull det da kanskje?
Om du velger å begynne å tukle med 66-en din så vil eg varmt anbefale XP-potte og 2" anlegg som første steg. Gir godt merkbar effektøkning også på standard motor, og nyyydelig lyd også. Standard eksosanlegget her er jo strupt for å gi lågt støynivå og lågt bensinforbruk. På slutten av 60-talet var jo totakt flaut Anbefaler ei mellompotte under bilen i tillegg til bakpotta elles blir den lite "nabovennlig" trur eg. XP potta er ei moderne breibanda effektpotte med tre sugekonar, spesiallaga for dei her motorane. Problemet er å få tak i den, så trur dei fleste sveiser sjøl etter mal. Neste steg er å få tak i ein reservemotor å file, så kan du sette originalmotoren på hylla som reservemotor. Men tru meg, når du har kjørt trimma motor på Saaben så er det kjeeedelig å gå tilbake til standard maskin igjen.
Interessant det du seier om separate forgassarar, det er også noko eg har tenkt på. Spjelda på standard forgassarane er såvidt eg hugser berre 32mm her, og med 28mm halsringar så seier det seg jo sjøl at det blir jo begrensa kor mykje luft det går å få igjennom. Det går an å ta opp spjelda til 36 mm og fjerne halsringane, det vil nok hjelpe. Men eit sett med moderne Mikuni eller noko slikt vil nok kunne gi både bedre flow og sikkert også bedre kjørbarhet på lavt turtal? Eller kanskje forgassarar frå Kawa H2 kan brukast? Berre ein ide altså.
Reeds? Ja takk! Har du gode idear her så la meg vite kva du tenker! Classicsaabracing hadde jo det her for nokre år sidan, men trur ikkje dei har på lager lenger, så kanskje det går å snekre noko sjøl?
Justerbar tenning: Ja det har eg!

Heimekomponert av sveisa fordeler, Ignitor stiftlaus tenning, Welleman "tenningsforsterker" og eit Arduino mirkprosessorkort. (Kan sikkert få kokt ihop ei byggebeskrivelse på det her etter kvart om fleire er interessert.) Kan legge inn kvasomhelst tenningskurve, problemet mitt så langt er at eg ikkje aner kva tenningskurve eg skal lage.

Lite vettugt å finne på nettet også, så har du gode tips å komme med så ja takk!
Interesant å sammenligne med porttider frå Kawaen. Som venta er dei jo langt meir agressive på motorsykkelen, ein bil hadde ikkje blitt kjørbar med det der. Det koster dreiemoment å flytte på 900 kg med stål...
Til slutt, "skiveskrubb" anbefales varmt. På 66-kasse skal det vera rimelig enkelt å konvertere til V4 drivakslar med stålknuter, eller rett og slett sett inn V4 kasse. Gir 10% høgare utveksling som er behagelig på motorveg men blir kanskje litt lat i motbakker. Eg har køyrt V4 kasse i årevis no, men ny kasse med spesial 2 drevsats og V4 skluttveksel er på veg inn. Da blir 4de gir som på original totaktskasse men det irriterande låge 3dje giret blir flytta opp 20%, og 1ste og 2dre opp 50%. Veldig spent på korleis det blir å ta av med den her, og om den i det heile tatt blir kjørbar i bytrafikk. Men må jo berre prøvast?
Skal du på landstreff i pinsa? Om så kan det ligge an til litt totakts trimprat.
Helsing Ola