Weber til V4 1500

For alle diskusjoner vedrørende 96 og 95 med V4-motor.
Brukeravatar
knut
Innlegg: 265
Registrert: 12 nov 2012, 20:34
Sted: Valdres
Kontakt:

Weber til V4 1500

Legg innav knut » 03 sep 2016, 15:02

Eg har alltid ønska å halde den ambragule original, men no tek eg å miste trua på denne bruk-og-kast-forgassaren, som Forgasserservice omtala den som, ved ein "konsultasjon" på 80-talet. Eg forstår det slik at Weber 34ICH er plug and play - dersom den er bestykka rett. Motomobil.de har ombyggingssett til 1500 V4 ser eg, men dei veit å ta seg betalt...

No har eg funne denne, ute på det store internettet: http://www.dellorto.co.uk/shop/weber-carburettors-parts/single-carburettors/ich-carburettors/weber-34ich-27mm-venturi/. Kan nokon svara meg på om den har rett venturi og dyser?

Helst vil eg handle her til lands (og aller helst lokalt ;) ). Veit nokon om ein norsk forhandlar - som ikkje tek blodpris for den?
-72 96V4 -57 Ferguson FE35 -11 DS3

Brukeravatar
Morten S.
Innlegg: 2430
Registrert: 28 okt 2012, 15:21
Sted: Sandefjord
Kontakt:

Re: Weber til V4 1500

Legg innav Morten S. » 04 sep 2016, 08:53

Har du prøvd dette firmaet?

http://www.flattjern.com/

Har selv ingen erfaring med det, men så at det var anbefalt på en FB side.

Brukeravatar
knut
Innlegg: 265
Registrert: 12 nov 2012, 20:34
Sted: Valdres
Kontakt:

Re: Weber til V4 1500

Legg innav knut » 04 sep 2016, 10:28

Takk for tipset. Ser ut som de driver mest med service, men jeg får ta kontakt, så kanskje de kan gi meg et godt tilbud på en ny forgasser også?
-72 96V4 -57 Ferguson FE35 -11 DS3

Alex B
Innlegg: 37
Registrert: 05 jul 2013, 22:35
Kontakt:

Re: Weber til V4 1500

Legg innav Alex B » 08 sep 2016, 21:17

Venturi er rett og dyser for det meste. Når du leser deg gjennom dette her: http://www.saab-v4.co.uk/speedball/topic.asp?topic_id=4090 skal du finne at det er mulig du skal opp med main jet til 155 eller 160; lurt å hå nok piff i motbakken. Kjøp et lite assortiment med main og air dyser for finjustering; koster ikke all verden og porto fra UK er veldig rimelig. Anbefalles Fast Road Cars eller Tim Green.

Liten OBS med funnet ditt: bensintilførsel sitter på et ekkelt plass for en V4, som du kan også se i lenken.

Alex
1975 96: 5-års prosjekt i langt over 5 år;
1983 99: sendt til donorhimmelen i 2007 etter 16 år eierskap;
1994 9000 Aero; endring til delebil;
1996 9000 Aero; dagens arbeidshest med skade;
1973 Sonett III; morobilen;
2002 9-5 Aero; Mors barnetransportør.

torkvaal
Innlegg: 10
Registrert: 09 feb 2015, 22:02
Sted: Siljan
Kontakt:

Re: Weber til V4 1500

Legg innav torkvaal » 17 jan 2017, 08:09

Kjøpte 34ICH og K&N luftfilter fra Fast Road Cars i UK. Billig og rask levering. Hugs at du også må byte luftfilter da det originale pannekake-filteret har ein annan diameter. Dessutan hindrar det ventilasjonen ein del. Forgassaren passar greit. Eg kjøpte stag med kuleledd for gasspådraget hos Biltema. Hugs å hone ut opningen på innsugsmanifold til 34 mm så du får match med forgassaråpningen.

Brukeravatar
knut
Innlegg: 265
Registrert: 12 nov 2012, 20:34
Sted: Valdres
Kontakt:

Re: Weber til V4 1500

Legg innav knut » 19 jan 2017, 22:01

Takk for tipset om å hone innsuget. Weberen og nokre ekstra dyser ligg på hylla, i påvente av betre tider. (Temperatur ;) ) Gjengestong og kuleledd er blinka ut.
Elles har eg ambisjonar om å tilpasse eit standard luftfilterhus, for at det skal sjå så originalt ut som råd. Veit ikkje om eg vil lykkast med det...
-72 96V4 -57 Ferguson FE35 -11 DS3

Brukeravatar
knut
Innlegg: 265
Registrert: 12 nov 2012, 20:34
Sted: Valdres
Kontakt:

Re: Weber til V4 1500

Legg innav knut » 23 apr 2017, 14:56

"Bolt on" er ikkje det same som "plug and play"

Omsider er eg ferdig med ombygginga, og dei første prøveturane er unnagjort. Eg følgde råda frå torkvaal, og hona opp innsug og mellomflensen til 34 mm, og laga stag av gjengestong og kuleledd.

Bilde
(ja, eg veit motoren ser fæl ut. Opprinneleg vart denne slengt i medan eg venta på å overhale originalmotoren, men den går så godt at eg har ikkje hjarta til å bytte att...)


Sidan eg er oppvaksen i denne bilen, er eg (altfor) oppteken av at den skal vera så original som råd. Difor valde eg å modifisere eit originalt luftfilterhus, trass i gode råd. Eg poppa på ein ny "krage" mot forgassaren. For å avlaste den litt , laga eg også eit ekstra feste ned mot høgre ventildekselet (denne kølnermotoren er ikkje akkurat vibrasjonsfri...).

Bilde

Fyrste oppstarten var ei stor skuffing. Motoren starta lett, men det var umogleg å få den til å gå jamnt på tomgang, same kva eg gjorde. Når eg drog på litt derimot, gjekk den fælt...

Tilbake til internettet, der eg fann denne linken:http://www.saab-v4.co.uk.gridhosted.co.uk/speedball/post.asp?method=ReplyQuote&reply_id=29944&topic_id=4090&forum_id=2 Her kjem Brian B med "oppskrifta" på dysing av Weber 34 ich. Etter å ha kjøpt ein liten neve med dyser, tok eg til å prøve meg fram, og enda opp med eit oppsett eg er ganske fornøgd med. Bilen er meir lettkjørt enn tidlegare, og dreg jamnt og godt frå låge turtal, men framleis slit eg med litt urund tomgang.

Bilde
Dei som kan sin V4 vil sjølvsagt sjå at dette ikkje er heilt originalt, men eg synest det vart greit nok

Til sist eit lite spørsmål til dykk som har greie på Weber forgassarar:
No har eg tomgangsdyse på 65, men etter "oppskrifta" bør eg truleg gå opp ein storleik eller to til (må skru blandingsskruen ut meir enn to kast ut før motoren går nokonlunde jamnt). Dersom eg går opp til 70 eller 75, bør eg då også gå opp på "air jet" (air corrector jet)? (den er på 175 no)
-72 96V4 -57 Ferguson FE35 -11 DS3

Brukeravatar
knut
Innlegg: 265
Registrert: 12 nov 2012, 20:34
Sted: Valdres
Kontakt:

Re: Weber til V4 1500

Legg innav knut » 24 mai 2017, 23:16

Kvar er det blitt av alle dei som kan V4? Er samtlege emigrert til Facebook? :o

Eg har uansett eksperimentert litt på eiga hand. Medan eg venta på større tomgangs-/lågfartsdyse tok eg til å mistenke denne ventilen til veivhusventilasjonen som sit på flensen mellom innsug og forgassar. Eg kan ikkje forså anna enn at denne må gje "falsk luft" på tomgang, dersom den ikkje tettar. Greidde å finne ein som virka til å funke bortimot, og utålmodig som eg er, var eg dum nok til å bytte både den og dysa samtidig. Resultatet vart litt jamnare tomgang når motoren er varm, men eg veit jo ikkje kva som hjalp :?

Framleis går motoren litt urundt på tomgang. Den høyrest nesten litt "trimma" ut, og må ha litt choke til den er heilt driftsvarm. Dreg godt ved vanleg køyring, og svarar bra på gassen. Men det skulle vera moro å få den til å gå jamnt på tomgang også. Tips?

Eg er også spent på forbruket. Har ei kjensle av at det går meir bensin no enn før. Dette finn eg vel ut etter Saabfestivalen, for planen er at vi (eg og Saab'n) skal koma oss velberga dit og tilbake ;)
-72 96V4 -57 Ferguson FE35 -11 DS3

Brukeravatar
knut
Innlegg: 265
Registrert: 12 nov 2012, 20:34
Sted: Valdres
Kontakt:

Re: Weber til V4 1500

Legg innav knut » 12 jun 2017, 12:03

Sidan dei som kan V4 glimrar med sitt fråver, får eg halde fram med å svara meg sjølv:

Sjølv med maksimalt stor lågfartsdyse, vart eg aldri klok på tomgangen. I blant veldig rask og litt urund, andre tider berre urund eller i ferd med å stoppe. Det kunne minne om falsk luft, men eg fann ingen lekkasjer.

I Trollhattan kom eg i snakk med Tore Frøyse, og han styrka meg i trua på at einvegsventilen til veivhusventilasjonen måtte vera "boven i dramat", som dei seier der borte. Søndag, bak Saab museet, tok et mot til meg, og begynte å skru. Av ein eller annan grunn, har eg hatt ein hjulbolt liggande i hanskerommet(!) Den passa perfekt som blindplugg, og brått fungerte forgassaren meir logisk. Eg kunne skru tomgangsskruen inn fleire kast, og framleis ha jamn tomgang. Stor takk til Tore, som fekk meg til å prøve dette!

Bilde
Knuts kvikk-fiks;-)

Einvegsventilen som virka til å vera OK, og rører seg lett, greier altså ikkje å stå imot på tomgang. Førebels pustar venstre ventilkåpa tomt ut i motorrommet, og eg trur eg må dyse ned att forgassaren...

Veit nokon kor viktig det er at veivhusventilasjonen har undertrykk? (Ein gammal Fordmekanikar har fortalt meg at den skal ha det) I så fall, har nokon ein mellomflens med fungerande einvegsventil å selja?

Lurer turisten Knut, på veg heim frå Saabfestivalen.
-72 96V4 -57 Ferguson FE35 -11 DS3

Alex B
Innlegg: 37
Registrert: 05 jul 2013, 22:35
Kontakt:

Re: Weber til V4 1500

Legg innav Alex B » 17 jun 2017, 15:43

Ikke undertrykk, men gjennomtrekk. Undertrykk fremkaller blowby og forbrenningsgasser er dårlig for motorolje. Så det skal være gjennomtrekk, slik av gassene trekkes ut. Så få dette ordnet fortest. Jeg har dessverre ingen ventil til overs, men sjekk Finn og Tradera, mener jeg har sett annonser for deler.

Alex
1975 96: 5-års prosjekt i langt over 5 år;
1983 99: sendt til donorhimmelen i 2007 etter 16 år eierskap;
1994 9000 Aero; endring til delebil;
1996 9000 Aero; dagens arbeidshest med skade;
1973 Sonett III; morobilen;
2002 9-5 Aero; Mors barnetransportør.


Gå tilbake til «V4»

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 0 gjester