"Bolt on" er ikkje det same som "plug and play"Omsider er eg ferdig med ombygginga, og dei første prøveturane er unnagjort. Eg følgde råda frå torkvaal, og hona opp innsug og mellomflensen til 34 mm, og laga stag av gjengestong og kuleledd.
(ja, eg veit motoren ser fæl ut. Opprinneleg vart denne slengt i medan eg venta på å overhale originalmotoren, men den går så godt at eg har ikkje hjarta til å bytte att...)Sidan eg er oppvaksen i denne bilen, er eg (altfor) oppteken av at den skal vera så original som råd. Difor valde eg å modifisere eit originalt luftfilterhus, trass i gode råd. Eg poppa på ein ny "krage" mot forgassaren. For å avlaste den litt , laga eg også eit ekstra feste ned mot høgre ventildekselet (denne kølnermotoren er ikkje akkurat vibrasjonsfri...).

Fyrste oppstarten var ei stor skuffing. Motoren starta lett, men det var umogleg å få den til å gå jamnt på tomgang, same kva eg gjorde. Når eg drog på litt derimot, gjekk den fælt...
Tilbake til internettet, der eg fann denne linken:
http://www.saab-v4.co.uk.gridhosted.co.uk/speedball/post.asp?method=ReplyQuote&reply_id=29944&topic_id=4090&forum_id=2 Her kjem Brian B med "oppskrifta" på dysing av Weber 34 ich. Etter å ha kjøpt ein liten neve med dyser, tok eg til å prøve meg fram, og enda opp med eit oppsett eg er
ganske fornøgd med. Bilen er meir lettkjørt enn tidlegare, og dreg jamnt og godt frå låge turtal, men framleis slit eg med litt urund tomgang.
Dei som kan sin V4 vil sjølvsagt sjå at dette ikkje er heilt originalt, men eg synest det vart greit nokTil sist eit lite spørsmål til dykk som har greie på Weber forgassarar:
No har eg tomgangsdyse på 65, men etter "oppskrifta" bør eg truleg gå opp ein storleik eller to til (må skru blandingsskruen ut meir enn to kast ut før motoren går nokonlunde jamnt). Dersom eg går opp til 70 eller 75, bør eg då også gå opp på "air jet" (air corrector jet)? (den er på 175 no)