Side 1 av 1

Saabsafari i Nordvest #3

Lagt inn: 20 aug 2017, 16:03
av Hjelle
Legg denne i landstreff, då Geiranger er rimeleg sentralt for monge av regionane i GSV!

Velkomne til Saabsafari #3 som finn stad i Geiranger.
Me tek sikte på felleskøyring til Geiranger frå to stadar, Sjøholt og Stryn.

Oppmøte Sjøholt ved Stop69 (Shell) 10:00, ferje frå Linge 11:15.
Oppmøte Stryn ved Esso 10:00
Oppmøte Geiranger ferjekai "i 12-tia"

Me samlast ved ferjekaia i Geiranger "i 12-tia" for dekksparking og ein køyretur i området. Tilet veret det, og er det steming for det tek me oss også ein tur til Dalsnibba (bomveg, 130kr). I alle tilfelle køyrer me fram til Djupvasshytta der me snur og køyrer attende mot sentrum, der me får med oss "Knuten" og Flydalsjuvet. Deretter køyrer me vidare longs hovudvegen mot Geiranger og vidare opp Ørnevegen for samling på rasteplassen på toppen innan vi returnerar til Geiranger sentrum.

Den som vil avsluttar dagen med ein felles matbit i Geiranger. Det vert ikkje bestillt noko på førehand då me ikkje har bindande påmeldng.

Vel møtt; alle som køyrer ein Saab eller er interessert i Saab er like velkomne til eit uformelt treff!

Detaljar; https://www.facebook.com/events/115760022419676