Oppmuntring

Her diskuterer vi alt som ikke faller under de andre kategoriene.
User avatar
knut
Posts: 271
Joined: 12 Nov 2012, 20:34
Location: Valdres
Contact:

Oppmuntring

Postby knut » 01 Jun 2015, 17:05

Ser det er mange som stressar med EU-kontroll for tida. Som denne historia viser, vil det helst gå godt: (Dei som har vore med i GSV nokre år, har tidligare sett historia på trykk i "Frihjulet".)

Med familiejuvelen på ”vising”
Minner frå eit biltilsynsbesøk

- Kva! Skal du ha sett på detta der?? Synleg mistruisk, og med mangellappen i ferdigstilling kom biltilsynsgubben imot meg.
- Ja, svarte eg kjekt.
-Jaså, så du likar å leva som optimist, heldt han fram.
- Ja, sa eg. Ikkje fullt så kjekk denne gongen


For nokre år sidan hadde eg fått det for meg at eg ville bli saabentusiast på heiltid. Familieklenodiet, som stod i opplag, vart tørka støvet av, og skulle bli daglegbil. Litt pessimistisk, ba eg om å få ein kontroll hjå Biltilsynet, før eg tinga skilt og betalde forsikringa. Time fekk vi raskare enn venta, og etter ein kjapp vask, fekk den ambragule ein skvett bensin på tanken, og gilde, raude prøvskilt. Ein strålande vårmorgon sto vi framfor ”dommaren”. Denne bryske tonen gjorde meg unekteleg litt tankefull.

Familiejuvelen såg kanskje litt pjusk ut. Rett før den vart pensjonert, valde eg ein snøhaug framfor ein møtande bil, og det bar eine framskjermen litt preg av. Av same grunnen låg støtfangaren– heldigvis uskadd – trygt forvara heime i garasjen.

Biltilsynsgubben kleiv inn i bilen, og opp på grava bar det. Han var ikkje før komen under bilen, før eg såg litt lysare på det, då han ropte:
- Det burde no helst ha vore ein totaktar, då!
Dette måtte eg sjølvsagt seia meg samd i.

Nede i grava vart det banka og slege, benda og brote, til eg syntest synd i den trufaste, gamle venen vår, men alt inspektøren kom med, var vellæte over kor velbygde bilar dette var. Eg heldt sjølvsagt fram med å vera einig.

Gubben i blått kom opp att, og ville prøvekjøre. Eg trudde det var slutt på slike kontrolltiltak for lengst, men torde sjølvsagt ikkje nekte.
- Det er så lenge sidan vi hadde ein slik ein inne, forklara han.

Og borte vart dei, både mann og bil - lenge... Omsider kom dei att. Sjåføren, med eit nostalgisk smil om munnen, stoppa bilen med eit byks, og kvelde motoren.
- Eg køyrer med frihjul til eg gløymer å trø inn clutchen, unnskylda han seg, og heldt fram: Du har eit dårleg endeledd, og det ”er snart” eit eksosanlegg.
- Jaså, sa eg uskuldig. Vel vitande om at eksosrøyret var sprekt, og lappa med eksosbandasje seint kvelden før.
- Men det fiksar du sikkert innan du får skilta, sa han. Og støtfangaren har du vel?
- Ja, då, forsikra eg, og skjønte at dette bar rette vegen.

Då hausten kom, svikta motet. Eg hadde ikkje hjarta til å utsetja gammalsaaben for snøslaps og saltstrødde vintervegar. Ein urørd originalbil som har vore i familien sidan ny, fortener betre. Dermed vart det nokre års pensjonisttilvære att, før V4-en fekk offisiell veteranstatus og ein ny gullalder som stasbil.
-72 96V4 -57 Ferguson FE35 -11 DS3

User avatar
Stein Are
Posts: 916
Joined: 07 Nov 2012, 09:05
Contact:

Re: Oppmuntring

Postby Stein Are » 01 Jun 2015, 17:18

Arti!
Saab 96 1962-Saab 900 1990

User avatar
96GT
Posts: 1436
Joined: 30 Oct 2012, 22:26
Location: Oslo
Contact:

Re: Oppmuntring

Postby 96GT » 01 Jun 2015, 17:54

:)
96 -65 "Moskowa" | 99 GL -79 "Rødhette | 900 Turbo 2.0T SE -95 "Flakseguri"

User avatar
Morten S.
Posts: 2474
Joined: 28 Oct 2012, 15:21
Location: Sandefjord
Contact:

Re: Oppmuntring

Postby Morten S. » 01 Jun 2015, 20:35

Herlig fortelling, Knut!

og det fine familieklenodiet har jeg jo sett ved selvsyn noen ganger.
Blir det Saabfestivalen med den i år også?

Det med eu-kontroll i siste liten har jeg foretatt selv noen ganger.

Fikk vist den V4n jeg hadde i Polen en fredag, rett før ett landstreff. Var så vidt jeg fikk sette på skiltene da de på verkstedet måtte fylle inn kontroll-lappen manuelt da bilen hadde vært ute av registeret i over 20 år. Så kjøre de opp på Biltilsynet 5 minutter før stengetid og fikk de til å legge inn alt manuelt i Autosys. Skiltene hadde jeg heldigvis allerede liggende.

Det samme var det dagen før Landstreffet i Levanger, men da med en annen V4.

User avatar
Kjetil
Posts: 562
Joined: 29 Oct 2012, 12:20
Location: Vinterbro
Contact:

Re: Oppmuntring

Postby Kjetil » 02 Jun 2015, 00:31

Fin historie :D
Tvi-tvi...
Kjetil
________________________________
95 "Kamikasino", 1976
99 GL "Beiarn", 1983
9000 CSE A50, 1998

User avatar
Tore T
Posts: 728
Joined: 04 Nov 2013, 11:28
Location: Kristiansund
Contact:

Re: Oppmuntring

Postby Tore T » 02 Jun 2015, 09:28

Trivelig lesning, Knut :)
mvh Tore T
---------------------------------------------------
2 x 1971 Saab 96 V4, 2000 Saab 9-3 SE turbo

User avatar
knut
Posts: 271
Joined: 12 Nov 2012, 20:34
Location: Valdres
Contact:

Re: Oppmuntring

Postby knut » 02 Jun 2015, 11:16

Morten S. wrote:Blir det Saabfestivalen med den i år også?
Eg håpar det, ja. Nett no sit eg og les til eksamen i morgon. Konklusjon så langt: Vaksne folk burde ha vett til å halde seg unna meir skule...

Målet var å få ein del kilometer på den nygamle motoren før Saabfestivalen, for å bli trygg på at den er til å stole på. Slik har det ikkje blitt, så om vi reiser (eg og Saab'en) så blir det tidenes dårlegast førebudde tur. Eg får vel trøyste meg med at "når nøden er størst, er hjelpen nærmest i Trollhättan" denne helga ;).

Kanskje vi treffest?
-72 96V4 -57 Ferguson FE35 -11 DS3

User avatar
super'n
Posts: 1199
Joined: 30 Oct 2012, 20:37
Location: Holter, Akershus
Contact:

Re: Oppmuntring

Postby super'n » 02 Jun 2015, 13:38

knut wrote:
Morten S. wrote:Blir det Saabfestivalen med den i år også?
Eg håpar det, ja. Nett no sit eg og les til eksamen i morgon. Konklusjon så langt: Vaksne folk burde ha vett til å halde seg unna meir skule...

Målet var å få ein del kilometer på den nygamle motoren før Saabfestivalen, for å bli trygg på at den er til å stole på. Slik har det ikkje blitt, så om vi reiser (eg og Saab'en) så blir det tidenes dårlegast førebudde tur. Eg får vel trøyste meg med at "når nøden er størst, er hjelpen nærmest i Trollhättan" denne helga ;).

Kanskje vi treffest?
Det går nok fint. Har bytta motor i ei boble samma morran som vi skulle kjøre til mantorp. Gikk det og. Har trua på deg og saaben.
'08 9-5 Peppergreen
'74 96 V4 Polarhvit
'73 96 V4 Veronagrønn
'68 96 V4 Toreadorrød
'68 95 V4 Toreadorrød
og masse annet som ikke er SAAB!!

User avatar
Henning
Posts: 2989
Joined: 28 Oct 2012, 17:51
Location: Nesodden
Contact:

Re: Oppmuntring

Postby Henning » 02 Jun 2015, 16:42

Ja du er ikke den første i pr til å drøye i det lengste å få testet og godkjent bil:) mange som stresser med EU i disse dager og skal på tur til helgen;) jeg derimot har kun 1 tur!!! På 2 timer som gikk mer eller mindre rett til helvete i en bil fra 71 som har stått på låve siden 1982. Tar med litt verktøy og en termos jeg:) går jo son regel bra....... Banker debrilsk i bordet....


Sent from my iPhone using Tapatalk
Saab 92B 1955(X) / Saab 95 1971(DEN BLÅ!) / Saab 9-3t 2003 (dritbil) / Kawasaki 750 cafe Racer / BMW f650GS

User avatar
super'n
Posts: 1199
Joined: 30 Oct 2012, 20:37
Location: Holter, Akershus
Contact:

Re: Oppmuntring

Postby super'n » 02 Jun 2015, 17:03

Henning wrote:Ja du er ikke den første i pr til å drøye i det lengste å få testet og godkjent bil:) mange som stresser med EU i disse dager og skal på tur til helgen;) jeg derimot har kun 1 tur!!! På 2 timer som gikk mer eller mindre rett til helvete i en bil fra 71 som har stått på låve siden 1982. Tar med litt verktøy og en termos jeg:) går jo son regel bra....... Banker debrilsk i bordet....


Sent from my iPhone using Tapatalk
Hehe. I følge verkstedet mitt var det siste frist i dag hvis man skulle rekke pkk før helga da serveren for pkk stenges pga omlegging til det nye systemet. Etterkontroll måtte utføres innen 17:00 i dag hvis jeg skulle rekke det... Og gjett; jeg rakk!!! :D
'08 9-5 Peppergreen
'74 96 V4 Polarhvit
'73 96 V4 Veronagrønn
'68 96 V4 Toreadorrød
'68 95 V4 Toreadorrød
og masse annet som ikke er SAAB!!


Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 1 guest