Legg innav Hjelle » 10 jan 2014, 00:13
Er stort sett enig i at salting er ein uting, og at vi i monge tilfelle kunne klart oss med strøing.
Men realiteten er at det vert salta, og det vert salta på egne værprognoser, ikkje etter værmeldinga på Dagsrevyen. I mitt virke som yrkessjåfør opplever eg stadig at lufttemperaturen er 3-4 grader på tidlig kveld, men gjerne en lavare tempratur i asfalten og med dalande temperatur utover kvelden tilseier all erfaring at det somregel vert glatt føre iløpet av natta. Tenk også på alle betongkonstruksjonar som vi køyrer over, desse kan gjerne ha isdekke på 3-4 varmegrader... For min eigen del må dei gjerne salte slik at en unngår svart is og underkjølt regn, men problemet oppstår jo når folk går utifrå at en har same friksjon mot vegbana på vinteren som på sommaren. Folk har for dårlig tid idag, og slår ikkje ned på farta når det er nødvendig, og det er nok desverre mykje av grunnen til att det vert salta som aldri før. I realiteten kan vi nok seie at det også idag vert salta/strødd ved behov, forskjellen er vel berre at det vert salta FØR "kaoset" er eit faktum. Eg har sagt det før og seier det igjen, å være brøytebilsjåfør er ein utakknemlig jobb som eg aldri i verden skulle ville ha.
En annen ting er som du nemner Henning at fuksjonskontraktene er slik at en får betalt pr. mil med strøing/salting, og at en dermed kan være frista til å utføre meir strøing/salting enn det som er nødvendig. Men det med salting er en vitenskap det også, høyrde ei historie der enteprenøren som hadde ei viss strekning skrudde ned mengda salt slik at han skulle klare seg en heilt rundtur utan å etterfylle. Resultatet der vart at det vart glatt, jækla glatt. Heldigvis var det nokon som hadde hatt roda før som fatta misstanke, og etter en fikk justert spredaren til rette saltløysinga kunne en også klare seg med mindre salt totalt sett.