Da er jækelmotoren omsider på plass i grombilen!
https://photos.app.goo.gl/au68zWCXg1uphCRP2
I utgangspunktet går det jo å ta ut ein totaktsmotor på ein time og sette den inn att på eit par timar kanskje, men når ein skal flytte over motorfester, dynamo, vattenhals (med adapter for -66 motor), montere topplokk, fordelar og stiftar (og justere) osv. osv. så vart det totalt 10 timar det her. Men ein skal altså ikkje stresse med slikt, det er no mi meining.
Eit par komplikasjonar vart det jo. Da eg trudde eg var ferdig og fylte på kjølevæske utpå laurdagskvelden rann kjølevæska rett igjennom. Da tok eg kveld og drog heim att og spekulerte meg i søvn. Utpå søndagen (frisk og utkvilt) fann eg fort ut at eg hadde sett i ein litt for lang bolt når eg monterte vattenhalsen. Litt roting i den obligatoriske sodd-spanna med reserve skruar så var det kjapt fiksa.
Neste komplkasjon var justering av clutch. Eg har kosta på meg ein racing clutch frå classicsaabracing den her gongen, og det viste seg at den tydelegvis er litt meir kilen på justering av vaieren enn ein standard clutch. Den armen her bør jo ha litt daudgang elles så går vel utløysarlageret fort åt skogen:
https://photos.app.goo.gl/BPWpzr5K7NsmVq4w6
Men det ordna det også til slutt etter gode tips frå ein mann ved namn Gisle.
Første oppstart var jo som vanleg hysterisk spennende, men motoren tente tvert og malte som ein katt! Tight og fin i alt av lager, utvilsomt. Lykke!
Har no køyrt 8 mil med roleg innkøyring og det ser så langt ut som eg har fått ein svært fin og køyrbar motorkonstruksjon. Den drar faktisk brukbart allereie frå rundt 2000 rpm og går jamnt og fint gjer den også. Prøver å begrense meg til rundt 3000 rpm iallefall dei første 50 mila, så får vi sjå da etter kvart kva som bor i den.
Køyrer no med 4,5% mineralolje frå Biltema, og ja det ryker som eit lite helvete! Rykinga tar eg som ein indikasjon på at det er nok olje og at den er dysa rikt nok. Køyrer med 3 x 55 på mellanregister og 130-145-130 på hoveddyser. Men motoren går altså svært fint så det er ingen grunn til å endre på det no. Hoveddyser får eg ikkje gjort noko med uansett før eg kan dra på skikkeleg, og det er jo heller ikkje kritisk så lenge flat pedal er "out of the question" inntil vidare.
Tenning er satt til fast 17 grader. Funker fint no under innkjøyring, muligens prøver eg å øke til 20 grader etter kvart. Vakuumklokke er fjerna og sentrifugalregualtor er sveisa. Eg køyrer med stifter men har ein Wellemann tenningsforsterker slik at stiftene held lenger. På sikt blir det nok "Ignitor" tenning, muligens komplettert med sjølbygd mikroprosessorstyrt tenningskurve. Vi får no sjå når det blir tid til det.
Oljeblandinga skal reduserast noko på neste tank, slik det ryker no er det jo direkte pinleg å køyre rundt på trafikert veg. Folk held god avstand kan vi vel seie...
Mekanisk er altså alt i rute til landstreff om to veker! No gjeld det berre å få på nokre mil til, få tid til litt vask, polering og ja så må jo interiøret inn også. Alt av seter og innerpaneler vart plukka ut i haust. Eg hadde jo store planer om å få tid til å trekke om alt i hop i løpet av ein lang vinter. Det gikk jo særleg kjempebra kan vi vel seie, foreløpig er det berre framstolar i bilen, alt anna mangler...