Trimming av -66 totaktsmotor

For alle diskusjoner vedrørende motortrimming, bremse-oppgradering, osv.
Gustav
Innlegg: 62
Registrert: 16 nov 2012, 20:07
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Gustav » 10 apr 2018, 20:35

Heisan.

Ja, 2" anlegg skal på så snart jeg får hentet hjem 67. Forrige helg var det godt og vel innpå 1,5 meter snø foran porten der den er vinterlagret så noe håp om at det skjer før mai har jeg egentlig ikke.

Hvor var det du kjøpte dysene dine?

Plan for helgen er ikke avklart, men om vi blir i byen kommer jeg gjerne en tur innom deg :-)
Gustav

58 93
58 93 Enda en:-)
63 96
64 95
67 96 TT
68 96 Under restaurering/garasjestøvsamler
69 96 Trivelig søndagsbil
73 95 Brilliant gledesspreder
75 96 Låvestøvsamler
86 90

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 10 apr 2018, 23:07

Berre å ta ein tur ja, blir nok furtebua på dagtid både laurdag og søndag for min del! :-)

Dyser kjøper eg på ebay, "pusharen" min kaller seg Alfa1750 og har det meste og til ein rimeleg penge.
Her er hoveddyser f.eks.
https://m.ebay.com/itm/SOLEX-CARBURETOR ... SwYGFUx8EO

Ein kjekk test før du begynner å skru: legg deg i 90 i bunnen av Okstadbakken og gi flatt jern i fjerde. Greier du 90 på toppen er alt tipp topp. Med 2" anlegg auker det frå 90 til 100 på toppen. Med den trimminga som eg skisserer ovanfor her greide eg drygt 120. :D Og ja, måler med GPS, Speedview er ein kjekk app å ha på telefonen til slikt bruk.

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 24 apr 2018, 00:02

Da nærmer det seg motormontering her, sidan sist er mykje kome på plass.

Montering stempelringer:
Dette er ein jobb eg hater intenst. Først og fremst fordi eg er redd for å brekke ringane. Men fann dette kjekke trikset her på interweben, med å bruke tre føleblad går det som ein leik:
https://photos.app.goo.gl/CLKd07Nt43Bz8mk82

Før ein monterer ringane er det lurt å sjekke endegapet. Sett ringen ned i sylinderen og puff den eit par cm ned med stempelet så den står beint. Mål klaringa med føleblad. Saab spesifiserer 0.25-0.50 mm klaring. For lite klaring er ikkje bra, da kan ringane gå i hop og da blir det skjæring. For ein trimma motor er det lurt å gå opp litt over minimum, somme seier 0,5mm men det følest som vandalisme å file større gap på fine nye ringar! Så eg la meg på 0,35mm på dei to nedste ringane og 0,4mm på øvste ringen her. Trur det skal halde.

For montering av kryssboltar er det kjekt med spesialverktøy, f.eks. eit slikt avansert eit som vist fremst her:
https://photos.app.goo.gl/C2Qo2WoQArIuGBbJ2

Her gjekk eg forresten på ein liten smell: På eine stempelet var det kul umulig å få kryssbolten på plass mellom stempel og råde. Dette sjøl om bolten let seg presse inn i både stempel og råde kvar for seg. Etter mange harde ord, frustrasjon og total forvirring fann eg forklaringa: Bossa inni stempelet som ligger an mot råden var ikkje vinkelrette på råden! Veldig merkeleg produksjonsfeil, antakeleg har stempelet vore vridd nokre grader feil i maskina som linjeborer kryssboltholet. Har aldri høyrt om noko slikt før.

Så kva gjer ein da, ein vakker dag i april når det er alt for seint å sende stempel i retur og håpe å rekke landstreffet? Jo, fram med den finaste fila, og forsiktig, forsiktig og med utallige målingar innimellom tok eg av eit par tidels mm på kvar side inni stempelet. Omsider let ting seg da til slutt montere. Kontrollmåling til slutt på at "sideslark" på råden er mellom 0,1 og 0,4 mm på alle tre syl.

Jaja, ikkje rart det her tar tid?

Og OMSIDER er veiva på plass i blokka, som vist vart det her feira med brygg av fiinaste sort:
https://photos.app.goo.gl/T5pVqF857KDQx1462

Med bunnpanne på plass også så nærmer vi oss, nesten så eg kjenner totakts godlukt her no: :D
https://photos.app.goo.gl/3q1P6QD9na6628Wp1

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 25 apr 2018, 21:39

På tide å få toppen på plass.
Som nemnt i toppen av tråden køyrer eg kortfront topp på -66 motoren.
Originalt har kortfront motoren ein kompresjon på usle 7.3:1 så her er det ein heil del å hente ved trimming.

Eg har nok gått litt langt her og høvla toppen heile 6(!) mm. Tar ein i betraktining at eg bruker 1.5mm toppakning (for å få kortfront toppen tett på langfront blokka) så er netto høvling 5.5mm. Teoretisk gir det her ein kompresjon på 9.8:1 med original boring, og det auker til 10.0:1 med 71 mm stempler som eg har.

I totakts sjargong snakker ein ofte om "fanget kompresjon", da rekner ein kompresjon frå når eksosporten lukker. Når eksosporten blir gjort høgare så vil da fanga kompresjon gå ned og ein kan da høvle meir enn på ein standard motor. Absolutt maks er 7:1, og antakeleg er det lurt å moderere seg til 6,5:1 for å ha litt margin. Husk også at om ein borer motoren så vil kompresjonen også stige pga økt slagvolum.

Min motor har etter boring no ein fanga kompresjon på 6.6, altså pinlig nære grensa. Eg køyrer 98 oktan for å vera på den sikre sida, og er nøye med å dyse rikt nok. Vil jo helst ikkje ha tenningsbank, da går det fort åt skogen...

Ang. høvling av topp så er det viktig at kanten rundt blir fasa med riktig vinkel til den bua stempeltoppen. Her er det viktig å SJEKKE etterpå. Eg snakker av erfaring, suppegjøken som høvla toppen min greide iallefall ikkje å få det her rett. Klaringa her er det som kallast squish, og bør ligge oppunder 1mm for å vera på den sikre sida. Blir det for lite squish kan jo stempelet gå i toppen på høge turtal.

For å sjekke squish kan ein gjera som her:
https://photos.app.goo.gl/ksvqE9aQdHNHUu6h2
Her har eg teipa fast 1mm tjukk loddetinntråd i kryss på kvart av stempla. Så er det på med topppakning og på med toppen og skru til boltane sånn passe. Dreier så motoren rundt eit par gonger, og så er det berre å måle tjukkleiken på trinntråden med skyvelær. Her var tråden stort sett urørt, eit par plassar var den klemt saman til 0,9 mm. Bra nok det altså.

Idag har eg vore på låven og henta grombilen heim frå vinterdvalen. Fantastisk stas å køyre totaktar att! Til helga blir det motorbytte! :-) :-)

Men først må tanken tømmast for 95 oktan med syntetolje (antakeleg går suppa i 9-5'en og 900'en i små doser!) og fyllast opp med 98 oktan med 4-5 % mineralsk motorolje. Har nemleg høyrt at syntetisk olje ved innkjøring hindrer at motoren "sliter" seg til. Den smører rett og slett for bra. Kan godt hende det er berre tull, men tenker no å gjera det slik uansett eg da.

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 03 mai 2018, 22:55

Da er jækelmotoren omsider på plass i grombilen! :-)
https://photos.app.goo.gl/au68zWCXg1uphCRP2

I utgangspunktet går det jo å ta ut ein totaktsmotor på ein time og sette den inn att på eit par timar kanskje, men når ein skal flytte over motorfester, dynamo, vattenhals (med adapter for -66 motor), montere topplokk, fordelar og stiftar (og justere) osv. osv. så vart det totalt 10 timar det her. Men ein skal altså ikkje stresse med slikt, det er no mi meining.

Eit par komplikasjonar vart det jo. Da eg trudde eg var ferdig og fylte på kjølevæske utpå laurdagskvelden rann kjølevæska rett igjennom. Da tok eg kveld og drog heim att og spekulerte meg i søvn. Utpå søndagen (frisk og utkvilt) fann eg fort ut at eg hadde sett i ein litt for lang bolt når eg monterte vattenhalsen. Litt roting i den obligatoriske sodd-spanna med reserve skruar så var det kjapt fiksa.

Neste komplkasjon var justering av clutch. Eg har kosta på meg ein racing clutch frå classicsaabracing den her gongen, og det viste seg at den tydelegvis er litt meir kilen på justering av vaieren enn ein standard clutch. Den armen her bør jo ha litt daudgang elles så går vel utløysarlageret fort åt skogen:
https://photos.app.goo.gl/BPWpzr5K7NsmVq4w6

Men det ordna det også til slutt etter gode tips frå ein mann ved namn Gisle.

Første oppstart var jo som vanleg hysterisk spennende, men motoren tente tvert og malte som ein katt! Tight og fin i alt av lager, utvilsomt. Lykke! :D

Har no køyrt 8 mil med roleg innkøyring og det ser så langt ut som eg har fått ein svært fin og køyrbar motorkonstruksjon. Den drar faktisk brukbart allereie frå rundt 2000 rpm og går jamnt og fint gjer den også. Prøver å begrense meg til rundt 3000 rpm iallefall dei første 50 mila, så får vi sjå da etter kvart kva som bor i den. 8-)

Køyrer no med 4,5% mineralolje frå Biltema, og ja det ryker som eit lite helvete! Rykinga tar eg som ein indikasjon på at det er nok olje og at den er dysa rikt nok. Køyrer med 3 x 55 på mellanregister og 130-145-130 på hoveddyser. Men motoren går altså svært fint så det er ingen grunn til å endre på det no. Hoveddyser får eg ikkje gjort noko med uansett før eg kan dra på skikkeleg, og det er jo heller ikkje kritisk så lenge flat pedal er "out of the question" inntil vidare.

Tenning er satt til fast 17 grader. Funker fint no under innkjøyring, muligens prøver eg å øke til 20 grader etter kvart. Vakuumklokke er fjerna og sentrifugalregualtor er sveisa. Eg køyrer med stifter men har ein Wellemann tenningsforsterker slik at stiftene held lenger. På sikt blir det nok "Ignitor" tenning, muligens komplettert med sjølbygd mikroprosessorstyrt tenningskurve. Vi får no sjå når det blir tid til det.

Oljeblandinga skal reduserast noko på neste tank, slik det ryker no er det jo direkte pinleg å køyre rundt på trafikert veg. Folk held god avstand kan vi vel seie...

Mekanisk er altså alt i rute til landstreff om to veker! No gjeld det berre å få på nokre mil til, få tid til litt vask, polering og ja så må jo interiøret inn også. Alt av seter og innerpaneler vart plukka ut i haust. Eg hadde jo store planer om å få tid til å trekke om alt i hop i løpet av ein lang vinter. Det gikk jo særleg kjempebra kan vi vel seie, foreløpig er det berre framstolar i bilen, alt anna mangler...

Brukeravatar
Morten S.
Innlegg: 2430
Registrert: 28 okt 2012, 15:21
Sted: Sandefjord
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Morten S. » 04 mai 2018, 05:56

Godt jobbet! Ser fram til å treffes på landstreffet, og da få se og høre denne.

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 12 mai 2018, 22:17

Da er 30 mil tilbakelagt og da er det etter mi meining lov å begynne å gi litt gass.. ;-)
Hittil har eg putra rundt under 3000 rpm, og prøvd å unngå seigdraging. Blitt mykje køyring på omvegar til og frå jobb for å unngå E6'en med den store stygge Okstadbakken.

Motoren gir preg av å begynne å bli innkøyrt, tomgangen har gradvis stige frå 800 til 1000 rpm, antakeleg eit teikn på mindre friksjon og sikkert også meir kompresjon. Og den høyrest svært potent ut, og går nyyydeleg jamnt og fint!

For å redusere røykutviklinga har eg redusert fra 4,5 til 4% olje. Det hjalp ein del, men det var tydeleg at det også var i overkant feit blanding (bensinforbruk 1.6 l/mil på småkøyring!) så no har eg i tillegg gått ned frå 55-55-55 til 50-55-50 på mellomregisterdyser. Ingen merkbar ytelsesendrimng, men merkbart mindre røyk så det her ser ut til å virke bra. Veldig rart at den her forgasserrekka trives med så små mellanregisterdyser, hører jo at folk gjerne bytter seg opp til 3x60, her må eg altså gå motsatt veg. Men så lenge det funker er det ingen grunn til bekymring. Bytta også frå varme "innkjøringstennpluggar" (NGK B7ES) til det som eigentleg skal stå i (NGKB8ES).

I kveld har eg boikotta Melodi Grand Prix finale og tatt meg ein times ræserbiltur på E6'en! Som nemnt ovanfor har eg bestemt at det er lov å begynne å gi gass no, og hjelpe meg kor det her går! Fint drag på 3000 rpm (drar f.eks. fint opp Okstadbakken i 80 på halv gass), men ved 3500-4000-5000 rpm tar den bokstavelig talt heilt av! :-). Det ryker framleis heftig på fullgass. Antakelig er det eit knepp for feite hoveddyser, eller kanskje berre potta er full av olje etter søndagskøyringa mi, så mulig at det berre må brenne seg reint. Skal få ryke så mye det vil, bedre det enn at greiene varmskjærer seg før det er ferdig innkjørt!

I morgon blir det finjustering av tenning med stroboskoplampe, og så har eg litt lyst å prøve å erstatte "elefantsnabel luftfilterboksen" med den her saken eg vandaliserte i gårkveld: https://photos.app.goo.gl/p8eAMGxWy6iqUjcL2
Såvidt eg har forstått er det i utgangspunktet ikkje naudsynt å sage opp luftfilterboksen til 66-motoren, den har uansett bra "flow" men det kan jo vera moro å prøve likevel? Og så trur eg lyden kan bli svært så snasen, litt "BVAAAP BVAAP" lyd frå innsuget er vel aldri å forakte? :-) (Må sjølsagt gå ein runde med hoveddyser samtsundes for å vera sikker på at den ikkje blir for mager da, tar ingen sjanser...)

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 12 mai 2018, 22:59

Angåande tenningsjustering:
Eg har jo bytta veivaksel her, og ettersom merket på reimskiva er individuelt tilpassa veivakselen er det superviktig å sjekke tenningsmerket på reimskiva. I mitt tilfelle var det meir enn 10 grader feil, så eg måtte file eit nytt merke på skiva. Merka med kvit maling for å gjere det godt synlig.

Så er det ein ting eg lurar litt på: iflg. verkstadshanboka mi skal -66 motoren ha tenningsmerker på 0, 10 og 15 grader. Men min motor ser ut til å ha merker på 0, 12 og 17 grader. Veldig rart syns eg, men eg har sjekka fleire gonger og er rimeleg skråsikker på at eg har målt rett. Nokon som har sett det same?

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 20 mai 2018, 20:59

Vel attkomen frå mitt første landstreff, du verda så triveleg og artig! :-)
Eg har vore medlem sidan 1992 så ein kan vel seie det var på høg tid å ta turen. Sjansen er nok stor for at det blir ein tur til Kr. Sund neste pinse!

Motoren har no passert 100 mil med god margin, det hjalp godt på å få 70 mil langkøyring t/r Elverum. Og den går berre bedre og bedre. På tur nedover sette eg inn eit knepp større hoveddyser for å vera på den sikre sida, eg køyrer no med 135-150-135. Det ryker friskt på fullgass men den virker å gå reint, så antakeleg er det i nærleiken av riktig. Drivstofforbruk på ca. 0,8-0,9 l/mil er bedre enn eg hadde håpt på. Eg har framleis original luftfilterboks MED forvarmersnabelen på, den snabelen skal straks plukkast av og puttast i bagasjerommet (IKKJE i garasjen!!!). Og så blir det ein ny omgang med dysing da sjølsagt for å vera på den sikre sida..... Puh...

Den vandaliserte luftfilterboksen vart prøvd som snarast no i kveld, men eg syns det blir i overkant mye "BVAAAAAA!!!!" under pådarag med så åpent innsug så den får ligge på hylla inntil vidare.

Eg har glømt å nemne bensinpumpeopplegget mitt. Original kortfront pumpa er eigentleg for svak for ein trimma motor, det er difor anbefalt å montere doble pumper eller aller helst høgeffektpumpe med trykkregulator. Ellers kan motoren magrast ut på fullgass og det blir da lett skjæring. Men her fekk eg ein ide: -66 motoren har jo ei sånn "mekanisk" pumpe som blir drive av veivhustrykket. Og ei sånn pumpe hadde eg jo liggande. Ein kjapp gjennomgang og rensing av filter, og så litt fikling med gummislanger og eit par T-ledd og så har vi jammen både el.pumpe og mekanisk pumpe. Det burde holde i massevis det trur eg. :-)
https://photos.app.goo.gl/NdQ58T1dVmNgz2K38

Brukeravatar
Morten S.
Innlegg: 2430
Registrert: 28 okt 2012, 15:21
Sted: Sandefjord
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Morten S. » 21 mai 2018, 07:28

Jeg hørte bilen din ved ett par anledninger Ola. Hørtes virkelig fin ut!
Fikk ikke tid til å ta den nærmere i ettersyn på lørdag da jeg satt og solgte medlemseffekter hele dagen.

Dersom du klarer deg på under literen så er det bra. Min Monte Carlo med mindre dyser enn det du har bruker over literen.
Skal dog forsøke å gå ned litt igjen på den.


Gå tilbake til «Modifisering og oppgradering»

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest