Knut: spikeren på hodet der altså, javisst er totaktsmotorer enkle, iallefall om du ser på antal bevegelige delar. Akkurat som ein fiolin eigentleg, lite med bevegelege delar der og! Men skal det virke skikkeleg bra så er det fint handverk i alle detaljer som må til.
Gustav: bra at du blir inspirert, 66'en din fortjener litt meir skyv den og!
Vart det du fekk tak i 2" anlegg forresten? Det er der du må starte!
Ang. dysing så tenkte eg å ta det etter kvart, men anyway:
1. Start med å sjekke flottørstand. Det påvirker blandinga i heile registeret så det MÅ vera riktig først. Følg anvisningane i rep. handboka og sjå til at alle tre forgassarane er heilt like og med riktig flottørhøgd. Det er IKKJE lov å jukse her!
2. Velger så emulsjonsdyser. Trur eg har 200 der, same som standard. Emulsjonsdysene tilfører luft i blandinga, større dyser gir magrare blanding heilt på fullgass. 180, 200, 220 er brukbare verdiar vil eg tru. Eg har prøvd med 180 og det funka ikkje her.
3. Hoveddyser: Starter med å dyse så feitt at den går i firetakt og så gradvis ned til den går reint. Ein vil for all del IKKJE kjøre for mager blanding, det leder kjapt til katastrofe. Eg endte opp med 130-145-130 på min motor.
4. Om den no går veldig fett på fullgass må du opp i emulsjon og så starte framanfrå att med hoveddyser.
5. Mellanregister påvirker blanding på lågt gasspådrag, her må ein berre prøve seg fram. Eg har 50-55-50 i min, og her er eg langt utanfor anbefalt verdi på 3x60 på trimma motor men med 3x60 vart det altfor feitt. Standard er vel 3x55. Eg vil ha rein gange på halvgass og da vart det sånn her, til tross for veldig uortodokse verdiar. (Riktignok er det her akkurat same dysing som motoren hadde som standard før eg begynte å tukle!).
6. Ja og så er det tomgangsblandingsskruen da som ein må justere kontinuerlig etter kvart sjølsagt slik at den går pent på tomgang.
Ein ting eg er litt usikker på er om mellanregister dysene (pkt 5) gir signifikant effekt på blandinga på høgt pådrag også. Så om ein er paranoid er det kanskje ein ide å dobbelsjekke hoveddysene på nytt etter å ha justert mellanregister, iallefall om ein går NED i storleik på mellanregister. Går ein OPP i mellanregister vil det jo i verste fall bli litt feitare på topp også, og det merkest jo fort.
Må vel også nemne at på mi forgassarrekke er det gjort litt andre småtriks også: oppbora dysehaldarar, nedslipt spjeldaksel og så TRUR eg at eg plasta att nokre "spridarhol" men det er for lenge sidan til at eg hugsar. Og dei her greiene kan sikkert også påvirke kva dyseoppsett eg endte opp med til slutt. Trimmingsgrad på motoren vil også gjera ein stor forskjell, ein trimma motor puster annleis enn ein utrimma.
Berre å ta seg ein tur i verkstaden ja, til helga er fruen bortreist så da blir det samanmontering av nymotoren har eg tenkt!