Trimming av -66 totaktsmotor

For alle diskusjoner vedrørende motortrimming, bremse-oppgradering, osv.
Brukeravatar
Morten S.
Innlegg: 2430
Registrert: 28 okt 2012, 15:21
Sted: Sandefjord
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Morten S. » 04 mar 2018, 07:12

Gratulerer med gullfunnet!
GSV medlem Fridolin Barsch, fra Engeløya (Nord for Bodø) går på skole i Kr.sand.
Hør med ham. Tlf 970 64 484 (Eller via messenger / Facebook)

Dersom du ikke vil ordne kassa selv så er det en svenske som bor rett over grensen for Ørje som overhaler kasser og motorer.

Brukeravatar
knut
Innlegg: 265
Registrert: 12 nov 2012, 20:34
Sted: Valdres
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav knut » 04 mar 2018, 18:24

budsjettsprekk på størrelse med oppussing av Stortinget

Ja, ja. Så lenge stortingspresidenten greier seg, så går nok dette også bra :lol:

Spennande prosjekt, og moro å følgje noko som eg absolutt ikkje har greie på. (sjølv om eg vaks opp i baksetet på ein totaktar)
-72 96V4 -57 Ferguson FE35 -11 DS3

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 09 mar 2018, 02:36

Takk Morten!
Artig når slike "einhjørninghorn" plutseleg dukker opp heilt uventa. Da er det hardt å holde på pengepungen. Innsåg plutseleg at eg har glømt å ha 40-årskrise, så det får vera alibiet for uvettig pengebruk. :-)
Den godeste Fridolin brukte eg som speditør i fjor, men han har tydelegvis rømt sørlandet så eg får finna ei anna løysing. Det ordner seg vel på eit vis får vi tru.

Og Knut, troll i ord, der var Stortingspresidenten ute av dansen gitt! Får håpe det ikkje smitter over på prosjektet her også! :shock:
Forøvrig artig å høyre at det eg knoter med fell i interesse. Tykte nesten det var rart at det var så lite å finne på det her emnet frå før. Det er jo velkjent at Saab og trimming alltid har vore tett kobla. Så eg tenkte det kunne vera artig å dokumentere kva eg gjer sjøl om eg er langt frå nokon ekspert.

Status herfrå: ferdig med filinga!
Aner ikkje kor mange timar eg har brukt men det er mange. Men med god musikk på radioen og noko godt i koppen er det absolutt til å leve med. Avslutta kvelden med å spyle motorblokka i dusjen for å få ut alt av metallspon. Etterfulgt av ei real dynking i WD-40 for å stoppe rusta i fødselen. Fascinerande å sjå kor fort blankfilt støypejarn byter farge frå blank til gul når vatn er med i bildet. Korrosjon er agressive greier. På mandag blir blokka levert Cylmo for boring. Den er lovt tilbake før påske så da er vi i rute for landstreffet! :-)

Veldig nøgd med resulatatet, såvidt eg kan sjå ligg alt av portar innafor +/- 0.1 mm. av det eg hadde som målsetting. Det er eigentleg nøyaktigheta som tar tid her. Å frese av nokre mm med gods går kjapt, men når det skal vera likt på alle tre sylindrar, for ikkje å snakke om at spylekanalane må vera parvis dønn like i kvar sylinder så tar det tid....

Endte da til slutt opp med flg portingsmål (målt frå toppen av blokka):
Eksosportar = 45,0 mm, dvs. 3,3 mm opp (pluss at dei er bredda 1 mm på kvar side)
Spyleportar = 47,2 mm, dvs. 1,5 mm opp (planen var å ta dei opp til 56 mm, men med GT veivaksel trur eg det her skal holde)
Innsugsportar = 98,0 mm, dvs. 3,2 mm ned.

Antakeleg er det her tilstrekkeleg til at motoren kan levere ein plass mellom 60 og 65 hk. Håper eg iallefall. Kombinert med den der Spesial 2 kassa må det her bli ganske kjempebra! :-)

Skal få lagt inn nokre bilder og fleire detaljer seinare men no er det natta her, med god margin.

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 10 mar 2018, 23:51

Tenkte nokre bilder kunne vera på sin plass.

Her er ei samling av utstyret eg bruker:
https://photos.app.goo.gl/CkFCh0plcO6fWlFq2

Frå venstre til høgre:
1) Nei det er ikkje Knerten, men ein filingsmal i hardtre. Den her må limast med ypperste presisjon til ønska porthøgde. Da er den eit ypperleg verktøy for å måle om porthøgda nærmer seg riktig høgde.
2) Gammelts stempel opphengt i ståltråd: kjekt å senke ned i sylinderen for å sjå om øverkant av porten er horisontal. Bruker den også saman med skyvelæret for å sjekke porthøgde. Senker da stempelet til eg AKKURAT ser toppen av porten og måler så høgda.
3) Dremel fleximunnstykke med favorittfila, ein hardstålsak frå Clas Ohlsson med rund tipp. Den her spiser støypejarn lett som berre det. Uslitelig er den også, men den kan slå seg skeiv om den får lov å hogge seg "fast". Heldigvis går det stort sett greit å rette den i skrustikka. Det her er det verktøyet eg bruker til alt av filing med unntak av spyleportane.
4) Dremel slipestift 932. Denne kan slipast butt i enden med det lille slipebrynet til høgre for det. Genial til spyleportfiling.
5) Dremel med 90 graders bend, og påmontert slipestift 932. Klar for spyleportfiling.
6) 2 stk tannlegespeil frå Biltema for å kunne sjå inn i portane frå inni sylinderen. Det minste der er det som fungerer best.
7) To rundfiler med ulik diameter. Til bruk når ein er NESTEN ferdig med å file ein port og ikkje tør å bruke Dremelen lenger.

Måling av porthøgde på spyleport med "gammelt opp-ned stempel" og skyvelær:
https://photos.app.goo.gl/aqotNCO9vKTGsy4s2

Filing av spyleport:
https://photos.app.goo.gl/1Jd7UOEKvlkEOQio1
Her må ein ta seg GOD tid da det gjeld å beholde portvinkel så nært original som mulig, samstidig som ein IKKJE vil file hol i oversida av kanalen. Godset inn i kjølemantelen er ikkje mange mm her. Dette er også årsaken til at eg ikkje hardstålfres bit her, da det lett kan hogge og lage stygge merker inni kanalen. Slipeestift tar mye lenger tid sjølsagt men da unngår ein iallefall uhyggelege overraskelser. Som ein kan sjå av bildet har eg også sett av ein vannrett strek med sprittusj ovanfor porten for å ha ei ca. markering å sjå etter når eg filer.

Ferdig filt spyleport:
https://photos.app.goo.gl/UZLL4ZpSbRLZrFP23
Porten i sylinderen til venstre er filt ferdig (opp 1,5 mm i øverkant). Til samanlikning er porten i midterste sylinderen enno urørt. Som ein ser er porten synlig høgare, og det er også blitt runde hjørner på den, pga. diameteren på slipestiften.

Her er eit bilde som viser korleis spylekanalane er retta "bakover" i sylinderen.
https://photos.app.goo.gl/DUTI3ACCF149bYWO2
Eg har sett inn to 18mm breie fliser i spylekanalene. I midten der er eksosporten. Her ser ein da korleis friskgassen frå spylekanalane vil blåse bakover i sylinderen og møtest bakerst. Der vil dei bli pressa oppover langs baksida av sylinderen, vidare opp i toppen, og blåse eksosgassane framom seg ut av eksosporten. Teoretisk iallefall. Det her viser også kvifor ein skal vera forsiktig og nøyaktig når ein modifiserer spyleportane, elles vil jo det her lett kunne bli veldig feil. F.eks. er det svært viktig at portane åpner nøyaktig samtidig for at dei to "strålane" skal komme fram til møtepunktet samtidig.
Sist redigert av Ola Bruset den 21 mar 2018, 22:19, redigert 3 ganger totalt.

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 11 mar 2018, 00:08

Innløpet til spyleportane frå veivhuset skal også filast for å få bedre flyt inn i kanalen.

Ferdig filt ser det slik ut:
Eksosside spylekanal: https://photos.app.goo.gl/gik2SKXhFI33cnNF2
Innsugsside spylekanal: https://photos.app.goo.gl/aJ3Ki76YRRcVyBhx1

Dessverre ingen "før" bilder her. Men om ein samanlinar med ei original blokk så vil ein sjå at innløpet til kanalen er senka ved at entringskanten nederst i sylinderen er filt bort der kanalen er. Eg har også filt inngangen til kanalen slik at den er blitt delvis traktforma. Vanskeleg å sjå på bilda, men det er tatt ut MYE spon herfra.

Ei åtvaring: ved innsugssida sin spylekanal skal ein vera svært forsiktig med å file til høgre for kanalen, altså inn mot punktet midt mellom sylindrane. Her går det nemlig ein vasskanal i blokka. Eg prøvde på vrak-blokka mi først heldigvis og jadda der vart det hol gitt...

Brukeravatar
Jenskp
Innlegg: 62
Registrert: 10 apr 2017, 09:57
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Jenskp » 20 mar 2018, 12:50

Spennende lesing! Har har du gått grundig til verks.
Virkelig gjennomført, og god forklaring med bilder. Har selv ingen totakter, men en V4 i original stand.

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 06 apr 2018, 21:33

Takk for det Jens, og javisst, V4 ruler det også! 8-)

Før påske rakk eg å få dei viktigaste godbitane i hus.
Her GT veiv flankert med flunka nye 71 mm stempler: :D :D
https://photos.app.goo.gl/T6bB88ENCfDGfXcG2

Og jammen vart ikkje Cylmo ferdig med å bore og hone blokka også.
Etter boring køyrte Cylmo gutta likegodt blokka i vaskemaskin, greit å få ut alt av slipespon, men det meste av utvendig lakk forsvann også. Så her var det berre å finne fram malarpenselen. Den her motoren må vel etter kvart kunne kallast ein "Sport hybrid", og såvidt eg har forstått er jo Sport og MC850 motorer alltid malt raude. Derfor vart det tre strøk med raud Hammerite: :twisted:
https://photos.app.goo.gl/Ygo3z8onmGGQaDCy1

Påskeveret var i år "dessverre" alt for bra til å halde seg heime og inne på hobbyrommet. Så etter dette har det ikkje skjedd mykje. Men er no endeleg igang att. I går var eg ein tur favorittbutikken min, "Abra Kulelagersenteret" her i Trondheim, og kjøpte nye simmerringar til veivakselen. Heilt fantastisk å kunne kjøpe sånt over disk. Dei har også det aller meste av kulelager og simmerringar på lager til ei kvar tid. Billig også, betalte 70 kr per stk for dei der simmerringane.

Tilbake til furtebua:
Det nærmer seg montering! Men før det må det til "fasing" av alle portar, det her er noko som alltid skal gjerast etter filing eller boring. Dette for å redusere stempelslitasje og å hindre at ringane henge seg opp i portopningane. Her er ei skisse frå verkstadhandboka som viser korleis spesielt eksosporten skal fasast:
https://photos.app.goo.gl/HnJw7nzlezMXa1HI3

Valde enkelt å greit å bruke den store rundfila mi, og gjekk over med smergelpapir 180 etterpå.
Jau, vart bra det her trur eg!

Brukeravatar
knut
Innlegg: 265
Registrert: 12 nov 2012, 20:34
Sted: Valdres
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav knut » 07 apr 2018, 10:20

Når et les tråden din, gjer et meg visse tankar om at totaktsmotorar blir omtala som "enkle"... ;) God helg!
-72 96V4 -57 Ferguson FE35 -11 DS3

Gustav
Innlegg: 62
Registrert: 16 nov 2012, 20:07
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Gustav » 09 apr 2018, 07:59

Herlig lesning Ola.
Kribler i å sette fingrene i en motor her også! Hvilke dyser bruker du på trippelgasseren? Kommer gjerne innom deg i verkstedet en kveld!
Gustav

58 93
58 93 Enda en:-)
63 96
64 95
67 96 TT
68 96 Under restaurering/garasjestøvsamler
69 96 Trivelig søndagsbil
73 95 Brilliant gledesspreder
75 96 Låvestøvsamler
86 90

Brukeravatar
Ola Bruset
Innlegg: 84
Registrert: 11 apr 2013, 19:32
Sted: Sjetnemarka, Trondheim
Kontakt:

Re: Trimming av -66 totaktsmotor

Legg innav Ola Bruset » 10 apr 2018, 09:10

Knut: spikeren på hodet der altså, javisst er totaktsmotorer enkle, iallefall om du ser på antal bevegelige delar. Akkurat som ein fiolin eigentleg, lite med bevegelege delar der og! Men skal det virke skikkeleg bra så er det fint handverk i alle detaljer som må til.

Gustav: bra at du blir inspirert, 66'en din fortjener litt meir skyv den og! :-) Vart det du fekk tak i 2" anlegg forresten? Det er der du må starte!

Ang. dysing så tenkte eg å ta det etter kvart, men anyway:
1. Start med å sjekke flottørstand. Det påvirker blandinga i heile registeret så det MÅ vera riktig først. Følg anvisningane i rep. handboka og sjå til at alle tre forgassarane er heilt like og med riktig flottørhøgd. Det er IKKJE lov å jukse her! :-)
2. Velger så emulsjonsdyser. Trur eg har 200 der, same som standard. Emulsjonsdysene tilfører luft i blandinga, større dyser gir magrare blanding heilt på fullgass. 180, 200, 220 er brukbare verdiar vil eg tru. Eg har prøvd med 180 og det funka ikkje her.
3. Hoveddyser: Starter med å dyse så feitt at den går i firetakt og så gradvis ned til den går reint. Ein vil for all del IKKJE kjøre for mager blanding, det leder kjapt til katastrofe. Eg endte opp med 130-145-130 på min motor.
4. Om den no går veldig fett på fullgass må du opp i emulsjon og så starte framanfrå att med hoveddyser.
5. Mellanregister påvirker blanding på lågt gasspådrag, her må ein berre prøve seg fram. Eg har 50-55-50 i min, og her er eg langt utanfor anbefalt verdi på 3x60 på trimma motor men med 3x60 vart det altfor feitt. Standard er vel 3x55. Eg vil ha rein gange på halvgass og da vart det sånn her, til tross for veldig uortodokse verdiar. (Riktignok er det her akkurat same dysing som motoren hadde som standard før eg begynte å tukle!).
6. Ja og så er det tomgangsblandingsskruen da som ein må justere kontinuerlig etter kvart sjølsagt slik at den går pent på tomgang.

Ein ting eg er litt usikker på er om mellanregister dysene (pkt 5) gir signifikant effekt på blandinga på høgt pådrag også. Så om ein er paranoid er det kanskje ein ide å dobbelsjekke hoveddysene på nytt etter å ha justert mellanregister, iallefall om ein går NED i storleik på mellanregister. Går ein OPP i mellanregister vil det jo i verste fall bli litt feitare på topp også, og det merkest jo fort.

Må vel også nemne at på mi forgassarrekke er det gjort litt andre småtriks også: oppbora dysehaldarar, nedslipt spjeldaksel og så TRUR eg at eg plasta att nokre "spridarhol" men det er for lenge sidan til at eg hugsar. Og dei her greiene kan sikkert også påvirke kva dyseoppsett eg endte opp med til slutt. Trimmingsgrad på motoren vil også gjera ein stor forskjell, ein trimma motor puster annleis enn ein utrimma.

Berre å ta seg ein tur i verkstaden ja, til helga er fruen bortreist så da blir det samanmontering av nymotoren har eg tenkt!


Gå tilbake til «Modifisering og oppgradering»

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest