Så til den morosame (og tidkrevande) biten: fram med fila!
Sjølve filinga har som mål å auke bredde og/eller høgde på portane for å auke "åpningstida" og også auke "flow" gjennom porten. Og her er det også ein må bestemme seg for kor hardt ein skal gå til verks. Og igjen: for all del skaff den der XP manualen, det står mye smådetaljer der som som sikrer eit best mulig resultat. Eg hadde også eit par veldig lærerike og trivelege telefonsamtaler med ein kar med namn Steinar.
Eg valde å legge meg tett opp til gr.1 trim for -66 motor, som viste seg i ettertid å gi ein sprek og turtalsvillig motor som drar brukbart ned til 2500 rpm og LETT passerer 6000!
. Kor mange hester vi snakker aner eg ikkje, men eg vil tru den går minst like bra som ein standard V4 iallefall. Eller kanskje det berre er lyden som gjer at det føles slik?
No vil sikkert somme luftverktøyfanatikarar fnyse, men verktyet eg sverger til er ein Dremel med 3mm slipestift kjøpt på Clas Ohlsson.
https://www.clasohlson.com/no/Hardmetal ... r309121000
Med den der så går det faktisk ganske radig å få gravd ut litt støypejarn.
Og eit par rundfiler i ulik diameter må ein også ha.
Eksosport:
Standard er
toppen av porten 48,3 mm frå toppen av blokka. Eg filer denne til 45,0 mm, altså 3,3 mm. Tar også 1,5 mm på kvar side. Det er også viktig å sørge for fine runde hjørner på porten, dette skåner stempelringane. Ikkje heilt enkelt å få tatt bilde av det her, men her er iallefall eit forsøk:
https://photos.app.goo.gl/09mL0oMsYxB0USSV2
Innsugsport:
Standard er
bunnen av porten 94,8 mm frå
toppen av blokka. Denne filer eg ned til 98,0 mm, altså 3,2 mm. Innsugsporten er todelt og brei som ei låvedør i utgangspunktet så her har eg ikkje tatt meg brydderiet med å gjera porten breiare. For å illustrere, her er eit bilete teke da eg var midt i prosessen, venstre "halvport" er umodifisert, høgre "halvport" er ferdig filt:
https://photos.app.goo.gl/3q9r2tSsI0IP96FY2
Merk at innsugsporten skal
ikkje polerast, da ein ønsker ein viss turbulens her for å få god blanding.
Spyleportar
Eksos og innsugsportar er stort sett greit å file ettersom ein lett kjem til frå utsida. Spyleportane er derimot
slett ikkje så greie. Her må ein file frå inni sylinderen, så for å komme til her må ein bruke eit 90 grader "bend" på Dremelen. Stort sett ser ein heller ikkje kva ein driv med nedi der, så her blir det å file bittelitt, måle, og file på nytt. Ein anna kompliserande faktor er at vinkelen på spyleporten er viktig, denne skal helst ikkje endrast. Kva vinkelen SKAL vera er er ikkje sikker på, men med å prøve meg litt fram med ein ståltråd trur eg det er rundt 15 grader. Ein anna ting er at inni kjølemantelen er det ikkje mykje gods på oversida av spylekanalen så det er lett å file gjennom.
På den forrige motoren valde eg å ta opp dei her frå originalt 58,7 mm (frå topplanet av blokka) til 56,0 mm. Men vinkelen vart samstundes endra frå 15 til 30 grader, så eg er slett ikkje sikker på at det her var optimalt.
Før eg sett fila i "ny-blokka" og går laus på spyleportane ønskjer eg difor å høyre andre si meining om det her: taper ein mye effekt på å la spyleportane vera uendra, og OM ein filer dei, er vinkelen superkritisk?