Øystein Sannes

Info og annonseringer fra styret eller frihjulet, ønsker til klubben og annen kommunikasjon mellom klubben og medlemmene.
User avatar
Morten S.
Posts: 2474
Joined: 28 Oct 2012, 15:21
Location: Sandefjord
Contact:

Øystein Sannes

Postby Morten S. » 27 Nov 2016, 08:04

Sakset fra Facebook skrevet av Oav R Faleide

Seint torsdag kveld den 24. november døydde Øystein Sannes på Haukeland Sjukehus etter halvtanna års sjukdom, 63 og eit halvt år gammal. Ettersom Gammalsaabens Venner var ein så stor del av Øysteins liv i meir enn 35 år – og at han var ein så stor del av GSV – er det med sorg og sakn vi sender denne triste meldinga ut til klubbens medlemmer her.
Like etter at familien Sannes hadde komme heimatt etter IntSaab 2015, fekk dei vite resultata av dei prøvene Øystein hadde teke før arrangementet, og det sette ein støkk i oss. Med sitt realistiske syn på det meste, gjekk han inn for å bruke tida si på det mest verdifulle i livet: Hytteliv, samvær med døtrene Eirin og Torill og familiane deira; svigersønene Øyvind og Kim og dei tre barnebarna. Jorun og Øystein realiserte også ein gammal draum: Båt – endeleg! Han brukte tida veldig godt – inntil dei siste fem vekene.
Øystein var formann i GSV i 9 samanhengande år, og såleis den lengst sittande leiaren i klubbens snart 40-årige historie. Vi får høve til å ta farvel med Øystein i Fana Kirke fredag 2 desember kl. 12:00.

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 1 guest